Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i Fysikk, Campus Haugesund

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i fysikk. Stillinga er knytt til realfagsgruppa ved Institutt for data- og realfag ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap, campus Haugesund.

 

Institutt for data- og realfag har tilsette i Førde, Bergen og Haugesund. Tilsette ved instituttet har ansvar for undervisning i matematikk, fysikk og statistikk for alle ingeniørutdanningane ved FIN, forkurs for ingeniørutdanninga, samt matematikk og statistikk for økonomistudentar ved HVL. Instituttet har også ansvar for eigne bachelorutdanningar i datafag og informasjonsteknologi og mastergrad i programvareutvikling i Bergen.

 

Tilsette ved instituttet rettleiar PhD-studentar og underviser kurs i PhD-graden i datateknologi ved FIN, ei tverrfagleg forskarutdanning innan programvareutvikling, sensornettverk og berekningsorientert ingeniørvitskap.

 

I tillegg til å undervise i realfaga ved FIN har realfagsgruppa forskingssamarbeid med andre miljø ved fakultetet, samt samarbeid med nasjonale og internasjonale forskingsmiljø. Tilsette i gruppa driv mellom anna forsking innan felta berekningsvitskap og numeriske metodar, og rettleiar studentar på bachelor-, master og PhD-nivå innanfor desse områda. Realfagsgruppa ønskjer å bidra aktivt i utviklinga av fleire mastergradsprogram ved fakultetet.

 

Ansvars- og arbeidsområde

Oppgåvene knytt til stillinga er undervisning i grunnemna i matematikk og fysikk, både i den ordinære bachelorutdanninga for ingeniørar og eigne førebuande realfagsemne.

 

Det kan også vere aktuelt med undervisning i andre emne innanfor ingeniørutdanninga i Haugesund. Kvaliteten på undervisninga i grunnemna er svært viktig for fakultetet.

 

Instituttet ønskjer at realfagsgruppa skal bidra til å auke forståinga for rolla til realfaga i ingeniørutdanninga. Den som søkjer må gjere greie for korleis han/ho vil drive undervisning og fagutvikling innanfor realfaga og på tvers av fag i ingeniørutdanninga. Fagutviklinga skjer i tett samarbeid med dei ulike fagmiljøa ved ingeniørutdanningane i Førde, Bergen og Haugesund.

 

I ingeniørutdanninga er det auka krav om å bruke programmering og rekning på datamaskin, og realfaga har eit særskild ansvar for at studentane utviklar ferdigheiter i dette. Arbeidsoppgåver kan vere knytt til programmering, rekning på datamaskin og opplæring av andre i slike metodar.

 

Det er ønskjeleg at realfagsgruppa bidreg til tverrfagleg forsking retta mot andre fagområde ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap. Forsking innan forbrenningsfysikk, energiteknologi eller nærliggjande fagområde vil vere særskilt aktuelt ved ingeniørutdanninga i Haugesund, men det er også aktuelt å samarbeide innan andre fagområde.

 

Kvalifikasjonskrav

Den som vert tilsett må minimum ha mastergrad/hovudfag i fysikk eller nærliggjande fagområde. For tilsetjing som førsteamanuensis er det i tillegg krav om relevant doktorgrad. For tilsetjing som førstelektor er det krav om dokumentert relevant kompetanse på nivå med doktorgrad.

 

Søkjarar må ha erfaring frå og evner for undervisning på vidaregåande skule og/eller bachelornivå, interesse for utvikling av faget og evne til å forstå korleis undervisninga på dette nivået viser veg mot vidare studier.

 

Undervisningsspråket ved HVL er vanlegvis norsk. Den som vert tilsett må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.

 

Vidare vert følgjande kvalifikasjonar vektlagde, med særskild vekt på aktivitetar dei siste fem åra:

  • Formell kompetanse i pedagogikk
  • Relevant erfaring frå forskings- og utviklingsarbeid, nasjonalt og internasjonalt
  • Erfaring innan forbrenningsfysikk, energiteknologi eller nærliggende fagområde vert lagt særskilt vekt på
  • Relevant yrkeserfaring og/eller erfaring frå prosjektsamarbeid med samfunns-/næringsliv
  • Undervisningskompetanse i statistikk eller andre ingeniørfaglege emne
  • Erfaring med programmering og rekning på datamaskin og opplæring av andre i bruk av slike verktøy
  • Samarbeidsevner og evner til å skape godt arbeidsmiljø
  • Evne til formidling og nytenking

Dersom den som vert tilsett ikkje kan dokumentere formell pedagogisk kompetanse stiller høgskulen krav om at kurs i høgskulepedagogikk vert fullført innan to år etter tilsetjing.

 

Sakkyndig vurdering

Søkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 15 vitskaplege arbeid. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar bli innkalla til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsorgan er tilsettingsutval/råd ved Høgskulen på Vestlandet

 

Vi tilbyr

Førsteamanuensis vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1011.

Førstelektor vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1198.

Høgskulelektor vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1008.

Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

 

Vi tilbyr elles:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med høve til kompetanseheving – og utvikling
  • Høve til trening i arbeidstida
  • Det er mogeleg å få dekka flyttekostnader jf. Særavtale om dekning av flyttekostnader

Søk på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk denne stillinga” på denne sida.

 

Som vedlegg til søknaden må søkarar også laste opp dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.) dei ønskjer å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Søkarar bør nemne dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga.

 

Søknaden må også innehalde oversikt over vedlegg som dokumenterer søkjarens pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål,karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

 

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

 

Generell informasjon

Den som blir tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

 

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarlise, dersom søkjaren sjølv ber om det. Søkjaren vert vasla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.

 

Høgskulen på Vestlandet er ei IA-bedrift.

 

Heimeside

 

Kontaktpersonar

Instituttleiar, Kristin Fanebust Hetland, tlf 988 31 111, epost: Kristin.Hetland@hvl.no

Studieleiar, Jorunn Stueland Nysted, tlf 52 70 26 76, epost: Jorunn.Nysted@hvl.no

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    3. juni 2018
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen på Vestlandet
  • Kommune
    Haugesund
  • Arbeidssted
    Campus Haugesund
  • Jobbnorge-ID
    151341
  • Intern-ID
    18/03091
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger