Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Tekst: Klok og forskningslysten?

Postdoktor i biogeokjemisk prediksjonsmodellering

Ved Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som postdoktor i biogeokjemisk prediksjonsmodellering. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og 2 månader og knytt til Arven etter Nansen

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stillinga er knytt forskingsprosjektet Arven etter Nansen (http://nansenlegacy.org). Arven etter Nansen er det norske arktiske forskingsfellesskapet sin felles innsats for å etablere ei heilskapleg forståing av det arktiske marine klima og økosystem i endring. Prosjektet skal gi ein vitskapleg kunnskapsbase som er nødvendig for framtidig bærekraftig ressursforvalting i Barentshavet og kringliggande havområde. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom ti norske forskingsinstitusjonar med varigheit på 5 år, 2018-2023. Aktivitetane i prosjektet vil omfatte internasjonalt samarbeid, og fleire tokt med det nye isgåande forskingsfartyet Kronprins Haakon.

 

Vi søkjer her etter ein postdoktor som skal arbeida med å utvikle og nytte ein biogeokjemisk prediksjonsmodell med fokus på Barentshavet. Modellen vil vere basert på den Norske prediksjonmodellen NorCPM, som vert nytta til framskrivingar av det fysiske klimaet på dekadiske tidsskalaer. Denne skal verte utvida med ein biogeokjemisk modul (HAMOCC) og arbeidet vil bestå i å koble NorCPM med HAMOCC, utvikle metodar for initialisering av biogeokjemiske prediksjoner, samt nytte dette modellsystemet for å forstå naturleg variasjon og klimadrevne endringar i Barentshavet sin biogeokjemi (karbonsyklus, næringssaltdynamikk, primær produksjon). Den som vert tilsett vil vere ein del av forskingsgruppa i biogeokjemi ved Geofysisk institutt, og vert forventa å også ta aktivt del i forskingsmessig samarbeid i prosjektet. Arven etter Nansen.

 

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor biogeokjemi, oseanografi, matematikk eller liknande fagområde, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Vidare vert det kravd ei grundig forståing av næringssaltar og karbonkjemi i havet, erfaring med tungregning og numerisk simulering, fortrinnsvis inkludert biogeokjemisk og/eller økosystemmodellering, og erfaring med analyse av data frå slike modellar, eller tilsvarande datasett.
  • Erfaring med dataassimilasjon og klimaprediksjon og ein sterk matematisk bakgrunn er ein føremon.
  • Erfaring med HAMOCC, MICOM og NorESM er svært ønskjeleg.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år og 2 månader. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

 

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 490 900,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

 

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Are Olsen, Geofysisk institutt, are.olsen@uib.no.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga.


Nærare om tilsettingsprosessen her

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    4. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    151241
  • Intern-ID
    2018/4293
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger