Universitetet i Bergen

Det humanistiske fakultet

Tekst: Klok og forskningslysten?

Stipendiatstilling i digital kultur: Maskinsyn i fiksjonsforteljingar

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig ei stipendiatstilling frå 1. januar 2019. Stillinga er knytt til ERC-prosjektet Machine Vision in Everyday Life: Playful Interactions with Visual Technologies in Digital Art, Games, Narratives and Social Media. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år finansiert av Det humanistiske fakultet.

 

Om prosjektet og arbeidsoppgåver

Målet med MACHINE VISION-prosjektet er å utvikle ein teori som forklarar korleis maskinsyn (t.d. ansiktsgjenkjenningsalgoritmar, selfie-filter, biletmanipulering, dronekamera og heimeovervakingssystem) påverkar måten vanlege menneske forstår seg sjølv og verda. Stipendiaten vil arbeide med prosjektleiar Professor Jill Walker Rettberg for å analysere fiksjonsforteljingar som science fiction-romanar, filmar eller elektronisk litteratur som anten nyttar maskinsyn i grensesnittet eller kor maskinsyn er eit viktig tema. Stipendiaten vil arbeide saman med to andre stipendiatar, som skal analysere maskinsyn i dataspel og digital kunst. Med professor Rettberg som rettleiar skal dei tre stipendiatane fyrst kartlegge relevante kunstverk, spel og forteljingar med metodar frå digital humaniora, og så skal kvar stipendiat gjere eit utval av verk som dei vil tolke nærare med metodar frå litteraturvitskap, visuell analyse, ludologi eller andre relevante fagområde. Eit prosjektsamandrag er tilgjengeleg på prosjektet si nettside: https://www.uib.no/en/machinevision

 

Stipendiaten vil vere del av forskarutdanningsprogrammet ved Det humanistiske fakultet og Forskargruppa for digital kultur.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i eit relevant fagområde, t.d. digital kultur, medievitskap eller litteraturvitskap. Graden må vere oppnådd før søknadsfristen er ute. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Instituttet vil kunne sende dokumentasjon av utanlandsk utdanning til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.

  • Søkjaren bør ha røynsle med estetisk analyse eller tekstanalyse av kunst, filmar, spel, litteratur eller digitale artefaktar.

  • Det er eit føremon at søkjaren har røynsle med digital humaniora eller digitale metodar, men ikkje eit krav, då det vert gitt opplæring i stillinga.

  • Søkjarar må skissere korleis den tidlegare forskingserfaringa deira kan bidra til Machine Vision-prosjektet, og skissere korleis dei ønskjer å leggje opp deira del av prosjektet.

  • Den som vert tilsett, må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner, og kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg.

 

Om stipendiatstillinga

Samla tilsetjingsperiode er fire år, og utdannings- og forskingsdelen av stillinga utgjer tre år. Undervisning og forskingsadministrativt arbeid utgjer inntil eitt år og vert avtalt med instituttet ved tilsetjing. Søkjarar som tidlegare har vore tilsette i rekrutteringsstilling, kan få frådrag i tilsetjingsperioden. Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved UiB, kan ikkje søkje.

 

Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Om forskarutdanninga:

Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse.

 

Den som vert tilsett, skal utvikle ei fullstendig prosjektskisse for doktorgradsarbeidet saman med prosjektleiar for MACHINE VISION-prosjektet innan tre månader frå tilsetting. Det er ein føresetnad at han/ho fyller krava for opptak til forskarutdanningsprogrammet.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.

  • Løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 436 500 brutto.

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.

  • Gode velferdsordningar

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Jill Walker Rettberg, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. E-post: Jill.Walker.Rettberg@uib.no. Telefonnummer: +47 55 58 84 31.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk i Jobbnorge via lenkja «SØK STILLINGEN»

 

Søknaden må innehalde:

  • Ein tekst på 2–3000 ord som gjer greie for motivasjon din for å søkje på stillinga og kvifor du er den vi bør tilsetje. Teksten må ha med ei drøfting av korleis den tidlegare forskingserfaringa di passar med Machine Vision-prosjektet, og ei skildring av korleis du vil forme din del av prosjektet. Til dømes kan du nemne filmar, romanar eller døme på elektronisk litteratur som du tenkjer er relevante, og skrive noko om kva slags teoretiske eller metodiske rammer du kunne tenkje deg å nytte.

  • CV – søkjarar må nytte det elektroniske skjemaet i Jobbnorge

  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad.

  • Samandrag av masteroppgåva (maks 3 sider).


  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Eventuelle vitskaplege arbeid (inntil 3).


  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste). Du kan òg inkludere eventuelle bidrag til prosjekt innanfor digital humaniora, i så fall må du gje til kjenne di rolle i prosjektet.

 

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf.-format.

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no.

 

I tillegggjeldfølgjande krav:

http://www.uib.no/hf/21760/veiledning-s%c3%b8kere-til-stipendiatstillinger

 

Nærare opplysningar om tilsettingsprosessen finn ein her.

 

Søknaden skal merkjast: 2018/3703

Søknadsfrist: 20.06.2018

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    20. juni 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    151191
  • Intern-ID
    18/3703
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger