Universitetet i Bergen

Senter for kvinne- og kjønnsforskning

Tekst: Klok og forskningslysten?

Stipendiatstilling ved Senter for kvinne og kjønnsforsking (SKOK)

Ved Senter for kvinne og kjønnsforsking (SKOK) er det ledig ei stilling som stipendiat i tverrfagleg kjønnsforskning. Stillinga er knytt til SKOKs satsing på humanistisk forsking kring store samfunnsutfordingar, så som kropp, medisin og helse, store teknologiske omveltingar, klima og miljø, samt ulikhet eller migrasjon. Det er ein føresetnad at prosjektskissa vert knytt til eitt av desse områda. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stipendiaten skal utarbeida eit eige prosjekt, og vil ha sin hovudrettleiar ved SKOK. Prosjektet må ha ei kjønnsteoretisk ramme, gjerne knytt til eit av dei sentrale områda i kjønnsteori, så som kjønn, seksualitet, intersesjonalitet eller maskulinitet. Prosjektet kan og ha eit empirisk fokus.

 

Forskinga ved SKOK har ei kritisk, global og historisk profil.I høve til forskinga på global samfunnsutfordingar har forskarar ved SKOK vore særleg opptatt av post- og dekolonial teori, skeive perspektiv, psykoanalyse, posthumanisme, samfunnsteori og politiok filosofi. I vurderinga vil det bli lagt vekt på korleis prosjektet passar inn i og bidreg til å vidareutvikle den teoretiske, tematiske og tverrfaglege forskinga ved senteret.

 

Stipendiatar ved SKOK tar del i forskargruppa «Kjønnsforskinga sine grunnlagsproblem» samt i den «Nasjonale forskarskulen for kjønnsforsking».

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Mastergrad kan være i kjønnsstudie eller eit anna fag med kjønn og/eller seksualitet som hovudtema og/eller perspektiv. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. For søkjarar utan norsk mastergrad vil utdanninga bli vurdert opp mot krav frå Nasjonsalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT). Dokumentasjon for utanlandsk utdanning kan bli sendt til NOKUT for vurdering.
  • Den som ver tilsett må ha hovudrettleiar ved senteret.
  • Kandidatar som tidligare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen kan ikkje søkje.
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg.

 

Senter for kvinne- og kjønnsforsking er et tverrfaglig senter for forsking, formidling og undervisning om kjønn, seksualitet, og feministisk teori. Senteret har ein kritisk, historisk og global profil, med fokus på samspelet mellom kjønn og andre maktstrukturar i samfunnet, som rase, klasse og etnisitet. SKOK er eit forskingsmiljø med spisskompetanse på teori innanfor det tverrfaglege kjønnsforskingsfeltet. Den som vert tilsett skal bidra i den vidare oppbygginga av kompetansen i forskingsmiljøet.

 

SKOK er ein pådrivar for kjønnsforsking ved UiB, samt ein aktiv aktør innan kjønnsforsking nasjonalt og internasjonalt. Stipendiaten ventast å delta både på nasjonale og internasjonale arenaer, og det er ønskeleg at han/ho siktar seg inn mot publisering både i nasjonale og internasjonale publiseringskanalar. SKOK har samarbeidsavtaler mellom anna med Barnard College på Columbia University, Duke University og University of Cape Town, og det vil vera høve til opphald ved eit av desse universiteta.

 

Det er ein føresetnad at den som vert tilsett busett seg slik at hen kan ha kontorplass og delta i den daglege verksemda ved SKOK.

 

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendperiode er fire år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 436 900 brutto
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

 

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida «SØK PÅ JOBBEN». Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjema. I tillegg må dette følje søknaden:

 

  • Prosjektskisse (inntil 4000 ord)
  • Framdriftsplan for prosjektet
  • Litteraturliste til prosjektskildringa
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • Liste over eventuelle vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

 

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf.-format.

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no.

 

I tillegggjeldfølgjande krav:

http://www.uib.no/hf/21760/veiledning-s%c3%b8kere-til-stipendiatstillinger

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Førsteamanuensis Kari Jegerstedt, tlf +47 55 58 89 97, epost kari.jegerstedt@uib.no.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare opplysningar om tilsettingsprosessen finn ein her.

 

Søknadsfrist: 27.05.2018

Søknaden skal merkjast: 18/3887

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    27. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    151189
  • Intern-ID
    18/3887
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger