Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i barnevern - inntil 2 faste stillingar

Ved fakultet for helse- og sosialvitskap er det ledig inntil 2 faste stillingar som førsteamanuensis / føstelektor / høgskulelektor innanfor barnevern ved Institutt for velferd og deltaking ved campus Sogndal


Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. I tillegg er fire forskingssenter knytt til fakultetet innan fagområda samhandling, helseforsking, kunnskapsbasert praksis og omsorgsforsking.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Institutt for velferd og deltaking er vi nærare 90 tilsette og kring 1000 studentar fordelte på studiestadane Bergen og Sogndal.


Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i samfunnsarbeid og psykisk helse og rus. Vi har også fleire etter- og vidareutdanningar.

Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse – og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.


For begge stillingane gjeld:


Ansvars- og arbeidsoppgåver:
  • Undervisning, rettleiing og forsking innanfor fagområdet barnevern / barnevernspedagogikk
  • Oppfølging og rettleiing av studentar, ferdigheitstrening, evaluering og sensur
  • Arbeid med internasjonale nettbaserte studiar
  • Deltaking i institusjonsbyggjande arbeid; m.a. koordinering av studiar, emneansvar og internasjonaliseringsarbeid
  • Samarbeid internt i høgskulen og med andre utdanningsinstitusjonar og samarbeidspartar både nasjonalt og internasjonalt

Stillingane er i hovudsak knytt til bachelorutdanninga i barnevern, men den som vert tilsett kan også få undervisnings- og rettleiingsoppgåver ved dei andre sosialfaglege studietilboda i instituttet.

 

Kvalifikasjonar:

  • For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagt Ph.D grad. Utdanning som er tatt utanfor Norge skal vera godkjend og stadfesta av NOKUT
  • For tilsetjing som førstelektor må NOKUT sine krav til førstekompetanse vere dokumentert
  • For tilsetjing som høgskulelektor må søkjar ha mastergrad, helst i barnevern. Anna relevant sosial-/samfunnsvitskapleg mastergrad kan vera aktuell dersom søkjaren har profesjonsutdanning i barnevern
  • Søkjar må dokumentera fordjuping i relevante fagområde innanfor barnevern
  • Til den eine stillinga vert det sett krav om pedagogisk utdanning. Pedagogisk erfaring er elles eit krav til begge stilingane
  • Det er ønskjeleg at søkjar har praksis frå barnevernfagleg arbeid
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk, og på engelsk
  • God IKT-fortsåing
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, nye undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid
  • Det er også ønskjeleg at søkjar har erfaring frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
 
Personlege eigenskapar
  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Har evne til å ta initiativ
  • Gode samarbeidsevner
  • God evne til formidling
Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.Undervisningsspråket er norsk.
 

Sakkunnig vurdering

Søkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse av inntil 15 vitskaplege arbeid. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar bli innkalla til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

 

Vi tilbyr

Stilling er lønna etter Statens lønnsregulativ som førsteamanuensis, førstelektor eller høgskulelektor. Frå lønna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr elles:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Fleksitid jfr. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida
  • Moglegheiter for dekning av flyttekostnader jfr. Særavtale om dekning av flyttekostnader


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke. Søknadane blir sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

 

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlist. Søkjar vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA bedrift.

 

Heimeside

 

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Fagseksjonsleiar: Marita Brekke Skjelvan, e-post: marita.brekke.skjelvan@hvl.no

2) Instituttleiar: Svanaug Fjær, e-post: svanaug.fjer@hvl.no

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    10. juni 2018
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen på Vestlandet
  • Kommune
    Sogndal
  • Arbeidssted
    Sogndal
  • Jobbnorge-ID
    151150
  • Intern-ID
    18/03472
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger