Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Tekst: Klok og forskningslysten?

Overingeniør (data manager)

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei fast stilling som overingeniør for dataforvaltning. Stillinga inngår i Bjerknes Climate Data Centre og er bl.a. knytt til EC Copernicus Marine Environmental Monitoring Services, NFR-prosjektene Infrastructure for Norwegian Earth System modelling (INES) og Arven etter Nansen.

 

Instituttet har 120 tilsette frå 25 ulike nasjonar fordelt på om lag 100 årsverk. Instituttet disponerer om lag 45 millionar kroner over universitetet sitt grunnbudsjett i tillegg til ei om lag like stor ekstern portefølje.

 

Arbeidsoppgåver

Stillinga inneber arbeidsoppgåver som bl.a.:

  • assistere forskarar i arkivering av modelldata for Bjerknes Climate Data Centre

  • kontrollere dataflyt, kommunikasjon med forskarar, samt kvalitetskontrollering av data innan fagfelta fysisk og geokjemisk oseanografi

  • hente fram, strukturere og handtere data, metadata og dokumentasjon

 

Kvalifikasjonar:

  • Søkjaren må ha utdanning på mastergradsnivå innan oseanografi, biologi, geovitskap, matematikk eller innan andre relevante fagfelt

  • God kunnskap om vitskaplege modelldata og arkivering av slike er ein føresetnad

  • Erfaring med automatisert dataflyt, vitskaplege databasar og kvalitetskontroll av vitskaplege data er eit krav

  • Kunnskap om internasjonale standardar for fagmiljøet er sterkt ynskjeleg

  • Detaljert kunnskap om det norske vitskaplege landskapet og korleis vitskaplege data kan gjerast tilgjengeleg vil være ynskjeleg

  • Den som vert tilsett kommer til å arbeide i eit pulserande og internasjonalt forskingsmiljø. Ettersom stillinga krev kontakt og samarbeid med eit internasjonalt forskingsmiljø er det naudsynt at kandidaten er villig til å reise, har diplomatiske evner, og har gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

  • Det er også ynskjeleg at kandidaten beherskar norsk

Personlege eigenskapar

  • evne til å arbeide strukturert, ansvarsfullt, løysings- og resultatorientert
  • evne til å arbeide sjølvstendig på eit avansert vitskapleg nivå
 og vilje til å løyse tekniske utfordringar

  • evne til å samarbeide og presentere resultat

  • evne til å arbeide effektivt, nøyaktig, strukturert og målretta

  • fleksibilitet og vilje til å tilpasse seg nye arbeidsoppgåver

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som overingeniør etter lønstrinn 53-59 kode 1087 i det statlege lønsregulativ, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida ca. kr. 459 100 – 508 800 (brutto årsløn). For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til senioringeniør Benjamin Pfeil, e-post: Benjamin.Pfeil@uib.no eller overingeniør Steve Jones, e-post: Steve.Jones@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    27. april 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    151146
  • Intern-ID
    2018/4107
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger