Universitetet i Bergen

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Tekst: Klok og forskningslysten?

Stipendiatstillingar i digital kultur: Maskinsyn i dataspel og digital kunst

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig to stipendiatstillingar frå 1. januar 2019. Stillingane er ein del av ERC-prosjektet Machine Vision in Everyday Life: Playful Interactions with Visual Technologies in Digital Art, Games, Narratives and Social Media. Stillingane er for ein åremålsperiode på tre år finansiert av ERC.

 

Om prosjektet og arbeidsoppgåver

Målet med MACHINE VISION-prosjektet er å utvikle ein teori som forklarar korleis maskinsyn (t.d. ansiktsgjenkjenningsalgoritmar, selfie-filter, biletmanipulering, dronekamera og heimeovervakingssystem) påverkar måten vanlege menneske forstår seg sjølv og verda. Ein av dei to stipendiatane skal arbeide med dataspel og ein med digital kunst, og fokus er på verk som anten nyttar maskinsyn i grensesnittet eller kor maskinsyn er eit viktig tema. Stipendiatane skal arbeide saman med ein tredje stipendiat som skal analysere maskinsyn i fiksjonsforteljingar. Med professor Jill Walker Rettberg som rettleiar skal dei tre stipendiatane fyrst kartlegge relevante kunstverk, spel og forteljingar med metodar frå digital humaniora, og så skal kvar stipendiat gjere eit utval av verk som dei vil tolke nærare med metodar frå litteraturvitskap, visuell analyse, ludologi eller andre relevante fagområde. Eit prosjektsamandrag er tilgjengeleg på prosjektet si nettside: https://www.uib.no/en/machinevision

 

Stipendiatane vil vere del av forskarutdanningsprogrammet ved Det humanistiske fakultet og Forskargruppa for digital kultur.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i eit relevant fagområde, t.d. digital kultur, medievitskap, kunsthistorie, spelvitskap eller litteraturvitskap. Graden må vere oppnådd før søknadsfristen er ute. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Instituttet vil kunne sende dokumentasjon av utanlandsk utdanning til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.

  • Søkjaren bør ha røynsle med estetisk analyse eller tekstanalyse av kunst, filmar, spel, litteratur eller digitale artefaktar.

  • Det er eit føremon om søkjaren har røynsle med digital humaniora eller digitale metodar, men ikkje eit krav, då det vert gitt opplæring i stillinga.

  • Søkjarar må skissere korleis den tidlegare forskingserfaringa deira kan bidra til Machine Vision-prosjektet, og skissere korleis dei ønskjer å leggje opp deira del av prosjektet. Ein av stipendiatane skal arbeide med digital kunst og ein med dataspel, så søkjarar må skrive kva for ei stilling dei er interessert i.

  • Den som vert tilsett, må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner, og kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg.

 

Om stipendiatstillinga

Samla tilsetjingsperiode er tre år. Søkjarar som tidlegare har vore tilsette i rekrutteringsstilling, kan få frådrag i tilsetjingsperioden. Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje.

 

Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Om forskarutdanninga

Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse.

 

Den som vert tilsett, skal utvikle ei fullstendig prosjektskisse for doktorgradsarbeidet saman med prosjektleiar for MACHINE VISION-prosjektet innan tre månader frå tilsetjing. Det er ein føresetnad at han/ho fyller krava for opptak til forskarutdanningsprogrammet.

 

Vi kan tilby

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.

  • Løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 436 500 brutto.

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.

  • Gode velferdsordningar

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Jill Walker Rettberg, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. E-post: Jill.Walker.Rettberg@uib.no. Telefonnummer: +47 55 58 84 31

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillingane.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk i Jobbnorge via lenkja «SØK STILLINGEN»

 

Søknaden må innehalde:

  • Ein tekst på 2–3000 ord som gjer greie for motivasjonen din for å søkje på stillinga og kvifor du er den vi bør tilsetje. Teksten må opplyse om du søkjer på stillinga med vekt på digital kunst eller stillinga med vekt på dataspel, og må ha med ei drøfting av korleis den tidligare forskingserfaringa di passar med Machine Vision-prosjektet, og ei skildring av korleis du vil forme din del av prosjektet. Til dømes kan du nemne spel eller kunstverk som du tenkjer er relevante, og skrive noko om kva slags teoretiske eller metodiske rammer du kunne tenkje deg å nytte.

  • CV – søkjarar må nytte det elektroniske skjemaet i Jobbnorge.

  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad.

  • Samandrag av masteroppgåva (maks 3 sider).

  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

  • Eventuelle vitskaplege arbeid (inntil 3).

  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste). Du kan òg inkludere eventuelle bidrag til prosjekt innanfor digital humaniora, i så fall må du gje til kjenne di rolle i prosjektet.

 

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf.-format.

 

Søknad og vedlegg må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsetjingar av vitnemål og vitskaplege arbeid må lastast opp som vedlegg til søknaden.

 

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no

 

I tillegg gjeld følgjande krav:

http://www.uib.no/hf/21760/veiledning-s%c3%b8kere-til-stipendiatstillinger

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknaden skal merkjast: 2018/3705

Søknadsfrist: 20.06.2018


Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    20. juni 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    151132
  • Intern-ID
    18/3705
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger