Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og for primærhelse- og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka. Departementet har 220 tilsette.    

 

Les meir om oss på regjeringa.no.

Ekspedisjonssjef i omsorgstenesteavdelinga

Vi søkjer ein strategisk leiar til omsorgstenesteavdelinga

Omsorgstenesteavdelinga (OTA) har ansvar for å leggje til rette for å vidareutvikle den kommunale omsorgstenesta, samt vidareutvikling og implementering av reforma «Leve heile livet». Fagansvaret omfattar kommunale omsorgstenester, medrekna helse- og omsorgstenester i institusjon og heime, personleg assistanse og praktisk hjelp, opplæring, støttekontakt og BPA, og støtte til pårørande. I avdelinga ligg òg forsøksprosjektet med statleg finansiering av omsorgstenesta, investeringsordninga for heildøgns omsorgsplassar og oppfølging av Omsorg 2020, Kompetanseløft 2020 og Demensplan 2020.

Ekspedisjonssjefen vi ser etter:
• er strategisk orientert
• har god gjennomføringsevne
• har gode samarbeidsevner
• evnar å inspirere og leie 15 kompetente medarbeidarar
• er ein raus og omgjengeleg person

Som den nye ekspedisjonssjefen vår må du kunne vere med og utvikle politikken på dette viktige samfunnsområdet. Det vert lagt vekt på at du høver som person.

Ekspedisjonssjefen er med i toppleiinga i departementet og rapporterer til departementsråden.

Krav til kvalifikasjonar:
• høgare utdanning
• brei leiarrøynsle, og her må du kunne vise til gode resultat
• innsikt i politiske prosessar
• god rolleforståing
• forståing for statleg forvaltning og styring
• god kjennskap til omsorgstenesta og områda departementet har ansvar for
• røynsle med å løyse oppgåver på tvers av sektorar er ein føremon
• god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
• gode engelskkunnskapar

Du må vere norsk statsborgar, og må kunne tryggingsklarerast.

Vi tilbyr:
• løn etter avtale innanfor statens leiarlønssystem
• utfordrande arbeidsoppgåver
• eit fagleg dugande og spennande arbeidsmiljø med engasjerte og trivelege kollegaer
• 5 veker ferie, fleksitidordning og gode velferdsordningar

Kvinner vert oppmoda til å søkje.

Etter at søknadsfristen er ute, vert det laga ei offentleg og ei utvida søkjarliste. Søkjar som har bede om konfidensiell handsaming, kan likevel kome med på søkjarlista. I so fall vert søkjaren varsla før offentleggjering.

For nærmare informasjon ta kontakt med departementsråd Bjørn-Inge Larsen på telefon 91111722 eller e-post Bjorn-Inge.Larsen@hod.dep.no.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    24. april 2018
  • Arbeidsgiver
    Helse- og omsorgsdepartementet
  • Nettside
  • Kommune
    Oslo
  • Jobbnorge-ID
    151005
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger