Universitetet i Bergen

Universitetsbiblioteket

Tekst: Klok og forskningslysten?

Bibliotekar (vikariat)

Universitetsbiblioteket (UB) yter informasjonstenester av høg kvalitet for å støtta forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev rettleiing i informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særlig vekt på tenester som fremmar open vitskap.


Me har ledig 100 % vikariat som bibliotekar. Stillinga er for tida knytt til Seksjon for bibliotektenester ved Bibliotek for matematisk-naturvitskaplege fag. Stillinga er ledig frem til 31. januar 2019.

Aktuelle arbeidsoppgåver

  • Delta i førstelinetenesta fysisk og digitalt, inkludert utviklingsarbeid

  • Brukaropplæring og brukarrettleiing

  • Arbeid med utstillings- og formidlingsarbeid, inkludert sosiale media

  • Kunnskapsorganisering/bibliografisk registrering/katalogisering

  • Innlån/fjernlån

  • Andre bibliotekfaglege oppgåver

Den som vert tilsett kan verte pålagt å delta i vaktordningar utanom ordinær kontorarbeidstid.


Kvalifikasjonar

  • Bachelor innan bibliotek- og informasjonsvitskap eller anna tilsvarande bibliotekfagleg utdanning

  • Gode IKT-kunnskapar og god digital kompetanse. Kjennskap til biblioteksystemet Alma/Oria er ein føremon

  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk 

Eigenskapar 

  • Du er initiativrik, fleksibel og omgjengeleg med gode samarbeids- og formidlingsevner

  • Du er serviceorientert og har gode kommunikasjonsevner

  • Du har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team 

Ved vurdering av søkjarane vil det verte lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.


Me kan tilby

  • 100 % vikariat med tilsetting så snart som mogleg og fram til 31.01.2019. Løn etter lønssteg 43 - 53 (kode 1410/LR 15.4-7) i det statlege lønsregulativet, etter kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 392 100 – kr. 459 100. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.

  • Eit aktivt og stimulerande miljø med motiverte medarbeidarar

  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon i tett kontakt med fagmiljø og randsonepartnarar ved Universitet i Bergen

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse

  • Gode velferdsordningar

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til underdirektør/seksjonsleiar for bibliotektenestar Trude Færevaag, tlf. 55 58 66 83 (kontor), 47804626 (mobil), e-post: Trude.Ferevaag@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    29. april 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    150968
  • Intern-ID
    2018/4286
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger