Universitetet i Bergen

Institutt for biovitenskap

Tekst: Klok og forskningslysten?

Stipendiat i mikrobiell bioteknologi

Ved Institutt for biovitskap (BIO – http://www.uib.no/bio) er det ledig ei stilling som stipendiat i mikrobiell bioteknologi. Stillinga, som er knytt til forskingsgruppa Generell mikrobiologi (http://www.uib.no/fg/gm), er for ein åremålsperiode på 3 år, med høve til eit 4. år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Stillinga er knytt til FoU-prosjektet «Aquafeed Technology Centre» (ATC), som er finansiert av Forskingsrådet sitt infrastrukturprogram for å etablere eit senter for bioressurs-prosessering som skal bidra til utvikling av ein berekraftig produksjon av fôr og fôringrediensar til sjømatproduksjon. Prosessteknologi, utdanning og forsking og utvikling står sentralt i dette prosjektet. ATC er eit samarbeid mellom Nofima AS, Universitetet i Bergen (Institutt for biovitskap og Kjemisk institutt), NORCE og University of Nottingham (UK).

Hovudarbeidsområdet vil vere bakteriell og enzymatisk nedbryting og fermentering av ymse typar substrat i fermentorar og kjemiske analyser av produkt frå desse prosessane. Både aerobe og anaerobe tilhøve og dessutan  eit spekter av ulike bakteriar, inkludert ekstremofile mikrobar og deira varmestabile enzym vil nyttast i desse forsøka. Vekstfysiologiske studiar av bakteriekulturar vil også vere ein del av prosjektet. Nofima AS er samarbeidspartnar i prosjektet. Kortare utanlandsopphald i samband med prosjektarbeid og/eller konferansedeltaking må påreknast.

  • Kvalifikasjonar og eigenskapar
    Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i mikrobiologi eller bioteknologi, eller eit liknande fagområde, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå arbeid med dyrking og aseptisk handsaming av bakteriar er eit krav.
  • Erfaring frå arbeid med prosessteknologi, fermentering, bioreaktorar, anaerob mikrobiologi, og kjemiske analysemetodar er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
  • Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Om stipendiatstillinga
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga
Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017/LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 436 900,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Nils-Kåre Birkeland, tlf.: 55 58 26 57 / e-post: nils.birkeland@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om det.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    30. april 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    150956
  • Intern-ID
    2018/4118
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger