Universitetet i Bergen

Institutt for biovitenskap

Tekst: Bli med å skape fremdragende forskning

Avdelingsingeniør

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei stilling som avdelingsingeniør. Stillinga er knytt til Fiskehelsestudiet (gruppene: Fish Diseases Research Group, Sea Lice Research Centre, Fish Immunology).

Meir informasjon om Fiskehelsestudiet finner du her.

Den som vert tilsett, skal ha ansvar for prosessering av vev for innleiring i plast, produksjon av plastsnitt for semi- og ultrastrukturelle studiar og farging av plastsnitt for masterstudentar og stipendiatar. Vidare skal stillinga assistere det vitskaplege personalet i prosessering av vev i plast for semi- og ultrastrukturelle studiar av virus, bakteriar og parasittar knytt til ulike forskingsprosjekt.

Avdelingsingeniøren må vere budd på å gå inn i ei vaktordning for teknikarane som er knytte til Levandelaboratoriet. Noko arbeid etter normal arbeidstid, i helger og på heilagdagar må ein rekna med.

Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Prøvetaking og opparbeiding av ferskt og konservert biologisk materiale
  • Prosessering av vev for innleiring i plastmedia
  • Produksjon av plastsnitt for semi- og ultrastrukturelle studiar (transmisjon elektronmikroskopi, TEM)
  • Farging av snitt (semi- og ultra)
  • Prosessering for scanning elektronmikroskopi (SEM)
  • Opplæring av masterstudentar, ph.d.-studentar og andre i aktuelle metodar, laboratoriearbeid og HMS
  • Ansvar for relevant utstyr, materiell, kjemikaliar og service

Kvalifikasjonar:

  • Søkjarane må ha utdanning på bachelorgradsnivå innanfor biologi/fiskehelse eller anna relevant fagfelt. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Gode kunnskapar om metodar for prosessering av vev for histologiske og ultrastrukturelle studiar er eit krav.
  • Søkjarane må ha erfaring med bruk og vedlikehald av relevant laboratorieutstyr.
  • Kunnskap om fisk og relevante sjukdomsagens hos fisk er ønskeleg.
  • Generell IT-kompetanse
  • Søkjarane må ha førarkort klasse B.
  • Søkjarane må ikkje vere allergiske mot dyr eller kjemikaliar.
  • Kurs i forsøksdyrlære er ein føremon. Søkjarar som ikkje har dette kurset, må vere villig til å ta det.
  • Gode kunnskapar i skriftleg og munnleg engelsk

Personlege eigenskapar:

  • Søkjarane må ha biologisk forståing, evne og vilje til å løyse tekniske/metodiske utfordringar, handtere utfordringar raskt, og effektivt kunne løyse komplekse problemstillingar og tilpasse seg nye arbeidsoppgåver.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi kan tilby

  • spennande arbeidsoppgåver i eit internasjonalt anerkjent og tverrfagleg miljø med stor kompetanse innan fiskehelse og marin forsking
  • arbeid i moderne og avanserte laboratorium med spennande og variert forsking
  • tilknyting til ei god fagleg og sosialt velfungerande forskingsgruppe
  • moglegheit til fagleg og personleg utvikling, og utstrakt kontakt med andre fagmiljø.
  • løn som avdelingsingeniør etter lønstrinn 47–52 (kode 1085/LR 22) i det statlege lønsregulativet, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer ei brutto årsløn på om lag kr 416 600 – 451 300.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Frank Nilsen, Institutt for biovitskap/SLRC, e-post: Frank.Nilsen@uib.no / telefon +47 55 58 44 12.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om det.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    27. april 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    150816
  • Intern-ID
    2018/3769
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger