Universitetet i Bergen

Institutt for biovitenskap

Tekst: Bli med å skape fremdragende forskning

Stipendiat (ph.d.) i evolusjonsøkologi – 2 stillingar

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig to stillingar som ph.d.-stipendiat, knytt til forsking på evolusjon av kjønna formering og paringssystem. Stillingane høyrer til forskingsgruppa for Teoretisk økologi (http://bio.uib.no/te) og er for ein åremålsperiode på 3 år, med høve til eit 4. år.

Stipendiatane vil utvikle evolusjonsbiologiske forklaringar og teori knytt til to aktuelle vitskaplege utfordringar om paringssystem. I forskingsgruppa for Teoretisk økologi nyttar vi datamodellar for evolusjon til å generere nye hypotesar for biologiske problem, for så å teste desse på tilgjengelege data. Ofte krev dette at ein har fokus på mekanismar, frå prosessar på individnivå til økologisk samspel og mønster som først blir synlege på populasjonsnivå.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Den eine ph.d.-stillinga vil fokusere på sideparingar (extra-pair mating) og evolusjonen av samarbeid hos fugl. Utgangspunktet er «nicer neighbourhoods»-hypotesen som handlar om korleis sideparingar skaper incentiv blant hannane til å samarbeide om fellesskapet sine interesser, til dømes ved å gå saman om forsvar mot predatorar eller ved å dele på ressursar (sjå Eliassen S, Jørgensen C. 2014. Extra-pair mating and evolution of cooperative neighbourhoods. Plos One9: e99878. http://doi.org/10.1371/journal.pone.0099878). Dette prosjektet kan ta to vegar avhengig av kandidaten sine ferdigheiter og interesser. Anten kan ein utvikle og analysere evolusjonsmodellar som byggjer vidare på det teoretiske grunnlaget. Eller så kan prosjektet gjere nytte av statistikk, slektskapsanalysar og eksisterande datasett for å teste forventningar frå teorien. Førsteamanuensis Sigrunn Eliassen (http://bio.uib.no/te/se) er hovudrettleiar for denne ph.d.-stillinga.

Den andre ph.d.-stillinga skal utvikle og analysere modellar for evolusjon av kjønna formering, med utgangspunkt i teoriar om seksuelle signal, åtferdsøkologi og livshistorieevolusjon. Forskinga i dette prosjektet fokuserer meir på omgrep og teori, og gjer nytte av enkle datamodellar og meir komplekse individbaserte simuleringsmodellar for å studere evolusjonsbiologiske utfall. Ein må pårekne å lese breitt og finne interesse i mange forskjellige biologiske disiplinar. Nokre moglege mål for denne ph.d.-stillinga er å forklare i) kvifor kjønna formering er så utbreidd trass i den doble kostnaden ved å ha to kjønn, ii) kva rolle seksuelle ornament har, eller iii) korleis ein kan forstå blomar som seksuell seleksjon. Vi har nokre sterke idear, men er ennå ikkje sikre på kva veg dei vil føre oss. Professor Christian Jørgensen (http://bio.uib.no/te/cj) er hovudrettleiar for denne ph.d.-stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Den som vert tilsett,

  • må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i biologi eller eit anna fagområde som søkjaren kan argumentere for er relevant for prosjektet, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • må ha brei kjennskap til og god intuisjon for evolusjonsøkologi og åtferdsøkologi
  • må vise interesse for å forklare evolusjonsproblem og evne til å studere dei i detalj
  • må vere villig til å utfordre eksisterande tenking
  • vil ha fordel av ferdigheiter i matematikk og programmering
  • må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Det er planlagt nært samarbeid mellom dei to ph.d.-stillingane.

Om stipendiatstillinga
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år, beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

For kandidatar som tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga
Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til PhD- studiet ved Universitetet i Bergen (http://www.uib.no/matnat/52560/opptak-til-forskerutdanningen-ved-det-matematisk-naturvitenskapelige-fakultet).

Vi kan tilby

  • ei positiv, dynamisk, tillitsfull og kritisk forskargruppe for diskusjonar og samhandlingar i kvardagen
  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 436 900,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Ei kort utgreiing (maks 2 sider) om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga. Ver venleg å skrive om du søkjer begge stillingane eller berre ei av dei.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Sigrunn Eliassen (sigrunn.eliassen@uib.no / telefon +47 55 58 46 22) eller Christian Jørgensen (christian.jorgensen@uib.no / telefon +47 55 58 46 18).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    27. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    150767
  • Intern-ID
    2018/3800
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger