Universitetet i Bergen

Institutt for informasjons- og medievitenskap

Tekst: Kunnskapsrik og målbevisst?

Vitskapleg assistent

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap er det ledig ei 50%-stilling som vitskapleg assistent i medievitskap for ein periode på 1 år, med start mellom 1. juni og 1. august. Samla tilsetjingstid som vitskapeleg assistent kan ikkje overstige to år.

 

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode.

 

Arbeidsoppgåver

Den vitskaplege assistenten sine oppgåver er knytt til forskingsprosjektet Mediebruk, kultur og offentlig tilknytning: Informasjonsfrihet i «stordata’ens tidsalder» og Forskingsgruppa for mediebruk og publikumsstudiar. Oppgåvene omfattar administrasjon av møteaktivitetar, praktisk arbeid knytt til publikasjonar og forskingsformidling, arbeid med handtering av forskingsdata (til dømes transkribering og samandrag av intervju, koding av survey-data), og ansvar for oppdatering av prosjektet og gruppa sine nettsider. Den vitskaplege assistenten blir medlem av gruppa, og kan i samband med stillinga få høve til å utvikle eigne publikasjonar eller formidlingsaktivitetar innanfor gruppas område.

 

Kvalifikasjonar
  • Mastergrad i medievitskap eller tilsvarande. Mastergraden må vere fullførd innan tilsetjing kan skje.
  • Kjennskap til forskingsfeltet mediebruk og publikumsstudiar er ein føremon
  • God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftlig
  • God administrativ IT-kompetanse

 

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

 

Vi kan tilby

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 47 ved tilsetjing som utgjer NOK 416 200 (kode 1020). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

 

Søknad

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida ”søk på jobben”.

 

Søknadsfrist: 27.4.2018

 

Søknaden skal merkast  18/3834

 

Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.


Til informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

-       professor Hallvard Moe (hallvard.moe@uib.no, tlf 55589113) eller

-       førsteamanuensis Brita Ytre-Arne (brita.ytre-arne@uib.no, tlf 55584114).

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med  innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    27. april 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    150736
  • Intern-ID
    18/3834
  • Omfang
    Fast 50%
  • Varighet
    Prosjekt

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger