Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Tekst: Bli med å skape fremdragende forskning

Stipendiat i romfysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som stipendiat i romfysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, og vil vere ein del av Birkeland Centre for Space Science (BCSS).

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Kandidaten vil vere ein del av teori- og modelleringsgruppa ved Birkeland Senteret. Eit viktig forskingsfokus for senteret er å forstå kva som kontrollerer stor-skala dynamikken i jorda si magnetosfære. Dette inkluderer påverking av eksterne prosessar, som til dømes orienteringa av sola sitt magnetiske felt, og interne prosessar som magnetosfærisk konveksjon, sesong-effektar, og ionosfæriske konduktivitet.

Studiet vil inkludere å studere resultatet av magnetisk reconnection, som er den viktigaste kjelda til dynamikken i både magnetosfæra og ionosfæra.

Kandidaten vil arbeide med analyse av observasjonar, magnetohydrodynamikk- modellar (MHD), og meir komplekse modellar der det er naudsynt.

Prosjektet omfattar forståing av stor-skala dynamikk. Kandidaten skal studere korleis magnetosfæriske straumsystem oppstår, og korleis det koplar seg til ionosfæra.

Eit av måla vil vere å modellere ein substorm og forstå den dynamiske koplinga mellom magnetosfæra og ionosfæra.

Metodologien for studiet inkluderer å studere små lokaliserte regionar med høg konveksjon (ein indirekte signatur av magnetisk reconnection), og studere korleis ionosfæra og magnetosfæra responderer. Dei lokaliserte regionane med høg konveksjon vil over tid bli større, straumsystema blir større, og vil til slutt danne ein substorm.

Teori og modelleringsgruppa ved Birkeland Senteret er ein sentral aktør internasjonalt innan forsking på stor- og små-skala prosessar i plasma. Sentralt for kandidaten er stor-skala modellering av danninga av magnetosfæriske straumsystem, og korleis desse påverkar ionosfæra. Til dømes vil eit fokus vere å forstå korleis desse straumsystema kan generere asymmetrisk polarlys mellom den nordlege og sørlege hemispheren. Forskinga vil vere svært relevant for å forstå dei kontrollerande faktorane som er viktig for romvêr.


Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i fysikk eller anvendt matematikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha god forståing av elektromagnetisme, og vekselvirkning mellom ladda partiklar og elektromagnetiske felt.
  • Utdanning i romfysikk, avansert matematikk, plasmafysikk er ein fordel, også programmering eller erfaring i numerisk modellering.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 436 900,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.


Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Prof. Michael Hesse, telefon: +47- 55 58 46 58, e-post: michael.hesse@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    6. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    150717
  • Intern-ID
    2018/3803
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger