Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Tekst: Bli med å skape fremdragende forskning

Stipendiat i romfysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som stipendiat i romfysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, og vil vere ein del av Birkeland Centre for Space Science (BCSS).

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Magnetisk reconnection er kjent som den viktigaste prosessen for energikonvertering og plasmatransport i romplasmafysikk. Magnetisk reconnection er ein medverkande årsak til solstormar, oppvarming av korona, og prosessen opnar for energioverføring av solvind-plasma og elektromagnetisk energi inn i jorda si magnetosfære. Inne i magnetosfæra omformar prosessen magnetisk energi til termisk og kinetisk energi. Prosessen er også truleg involvert i akselerasjonen av elektron og ion som til slutt avsett energien sin i jorda si atmosfære og lagar nordlys og sørlys. Magnetisk reconnection er difor ein fundamental prosess som er ansvarleg for mykje av dynamikken i det nære verdsrommet.


Internt i reconnection-prosessen kan dissipative elektriske felt bryte opp magnetiske koplingar, og dermed danne nye koplingar og magnetiske topologiar. Dette skjer inne i eit område kalla diffusjonsregionen. Denne regionen er avgrensa til gyroradiusen til eit ion. Observasjonar av reconnection-prosessen er derfor vanlegvis indirekte. Til dømes er observasjonar av lokalisert akselerert plasma og oppvarma plasma er typiske indirekte signaturar av at nye magnetiske koplingar har blitt danna.

 

Kandidaten vil vere ein del av forskingsgruppa som jobbar med å forstå prosessane involvert i magnetisk reconnection. Til dømes kva prosessar skapar dei dissipative elektriske felta i diffusjonsregionen, korleis vert dei skapt og kva forhold legg til rette for danninga.

 

Teori og modelleringsgruppa i Birkeland Senteret jobbar med teori, numerisk modellering, og analyse av observasjonar. Gruppa som kandidaten vil vere ein del av er ein sentral aktør i internasjonal forsking på magnetisk reconnection.


Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i fysikk eller anvendt matematikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha god forståing av elektromagnetisme, og vekselvirkning mellom ladda partiklar og elektromagnetiske felt.
  • Utdanning i romfysikk, avansert matematikk, plasmafysikk er ein fordel, også programmering eller erfaring i numerisk modellering.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.


Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 436 900,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Prof. Michael Hesse, telefon: +47- 55 58 46 58, e-post: michael.hesse@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    6. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    150703
  • Intern-ID
    2018/127
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger