Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Tekst: Kunnskapsrik og målbevisst?

Stipendiat (4 stillingar) i visualisering

Ved Institutt for informatikk er det ledig fire stillingar som stipendiat i visualisering. Stillingane er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

 

Tre av stillingane er innan feltet medisinsk visualisering, delvis finansiert av Bergen Forskingsstiftelse (BFS), og knytt til det nyleg etablerte Mohn Medical Imaging and Visualization Centre (MMIV). Den fjerde stillinga er innan feltet visualisering og knytt til MetaVis prosjektet som er finansiert av Noregs Forskingsråd.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Vi søker etter høgt motiverte kandidatar med interesse for visualisering. Den som vert tilsett bør ha god kompetanse i visualisering, menneske-datamaskin interaksjon og/eller datagrafikk. Meir detaljert:

  • Du må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i informatikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

  • Erfaring innan medisinsk visualisering er ein føremon for tre av stillingane.

  • Gode ferdigheter innan programmering er eit krav, og GPU programmeringsferdigheter (OpenGL, OpenCL, CUDA, WebGL, etc.) er ønskeleg.

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

  • Du må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

 

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjings-perioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 436 900,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

  • CV i PDF-format (i tillegg til CVen du fyller inn i Jobbnorge-portalen)

  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert

  • relevante attestar

  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

General information

For further details about the positions, please contact Professor

Stefan Bruckner (stefan.bruckner@uib.no) or Associate Professor Noeska Smit (noeska.smit@uib.no).

 

The state labour force shall reflect the diversity of Norwegian society to the greatest extent possible. Age and gender balance among employees is therefore a goal. It is also a goal to recruit people with immigrant backgrounds. People with immigrant backgrounds and people with disabilities are encouraged to apply for the position. We encourage women to apply. If multiple applicants have approximately equivalent qualifications, the rules pertaining to moderate gender quotas shall apply.

 

The University of Bergen applies the principle of public access to information when recruiting staff for academic positions. Information about applicants may be made public even if the applicant has asked not to be named on the list of persons who have applied. The applicant must be notified if the request to be omitted is not met.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    3. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    150464
  • Intern-ID
    2018/2426
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger