Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Tekst: Kunnskapsrik og målbevisst?

Postdoktor i medisinsk visualisering

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som postdoktor i medisinsk visualisering. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til det nyleg etablerte Mohn Medical Imaging and Visualization Centre (MMIV) finansiert av Bergen Forskingsstiftelse (BFS).

 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Vi søker ein høgt motivert kandidat med interesse for medisinsk datavisualisering. Den som vert tilsett bør ha god kompetanse i visualisering, menneske-datamaskin interaksjon og/eller datagrafikk.

Meir detaljert:

  • Du må ha oppnådd ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor informatikk eller ha levert doktoravhandlinga di til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

  • Erfaring innan medisinsk visualisering er ein føremon.

  • Gode ferdigheter innan programmering er eit krav

  • GPU programmeringsferdigheter (OpenGL, OpenCL, CUDA, WebGL, etc.) er ønskeleg.

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.

  • Du må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Det kan verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden med nokre månader viss det trengs for å oppnå undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil å så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt).

 

Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 490 900,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

  • medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehald

  • ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

  • relevante attestar

  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • utvalgte publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Helwig Hauser.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    3. mai 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    150458
  • Intern-ID
    2018/2971
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger