Universitetet i Bergen

Institutt for biovitenskap

Tekst: Bli med å skape fremdragende forskning

Studieleiar (rådgjevar)

Ved Institutt for biovitskap (BIO - http://www.uib.no/bio ) er det ledig ei stilling som studieleiar (rådgjevar).

BIO er med sine ca. 260 ansatte og omtrent 670 studentar eit stort og faglig vidfamnande institutt, med forskingsaktivitet innan bl.a. utviklingsbiologi, mikrobiologi, molekylærbiologi, evolusjonsbiologi, miljøtoksikologi, økologi og biodiversitet. Instituttet er sterkt involvert i tema som havbruk, fiskehelse og fiskeri, og om lag 2/3 av den vitskaplege staben arbeider med marine problemstillingar.

Undervisninga ved instituttet dekker eit bredt spekter av biologiske disiplinar og omfattar to bachelorprogram, to masterprogram, to integrerte femårige studieprogram (Fiskehelse, Havbruk og sjømat) og lærarutdanning, forutan doktorgradsutdanning.

Vi søkjer ein leiar for instituttet sin studieseksjon med til saman ni tilsette. Seksjonen har administrativt ansvar for koordinering, kvalitetssikring og utvikling av instituttet sine studieprogram på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Seksjonen er òg sekretariat for instituttet sitt studieprogramstyre og forskarutdanningsutval. Seksjonen har vidare ansvar for studierettleiing, tilrettelegging av undervisning, informasjonsarbeid, internasjonalisering og studentmobilitet, innpassing av norsk og utanlandsk utdanning, studentrekruttering, eksamen, undervisningsbudsjett, lærarutdanning og etter- og vidareutdanning. Studieseksjonen samarbeider tett med bioCEED – Senter for framifrå utdanning i biologi – om undervisningsutvikling og utdanningsprosjekt.

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver:

  • Dagleg leiing og ansvar for instituttet sin studieadministrasjon.
  • Koordinering, kvalitetssikring og utvikling av instituttet sine studieprogram på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.
  • Vidareutvikle, implementere og fylgje opp gode administrative prosedyrar og rutinar i samsvar med regelverk, retningslinjer og strategi som gjeld for instituttet si utdanningsverksemd.
  • Høgt kvalifiserte sakshandsamingsoppgåver, prosjektkoordinering og utreiingar innan seksjonen sitt ansvarsområde.
  • Gje administrativ støtte og råd til instituttleiinga i utdanningsspørsmål.
  • Ha oversikt over utdanningsverksemda og utdanningsressursane ved instituttet, og sikre drift og utvikling saman med instituttleiinga.
  • Den som vert tilsett, vil også få oppgåver knytt til administrasjon av studieprogram og -emne.

Administrasjonen ved BIO er inne i ein omstillingsprosess, og det kan difor bli endringar i arbeidsoppgåvene.

Næraste overordna er administrasjonssjefen, og studieleiar rapporterer til denne.

Kvalifikasjonar:

  • Må ha utdanning på mastergradsnivå
  • Relevant praksis og dokumentert erfaring er eit krav
  • God administrativ IT-kompetanse er eit krav
  • Den som vert tilsett, må kunne bruke båe målformer og engelsk skriftleg og munnleg.
  • Kjennskap til og erfaring frå offentleg forvalting og universitets- og høgskulesektoren, sakshandsaming og studieadministrativt arbeid vert lagt stor vekt på.

Personlege eigenskapar

Ved vurderinga av kandidatane vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga, til dømes:

  • Evne til å kunne leie og motivere medarbeidarar og vere utviklingsorientert
  • Sjølvstendig og initiativrik
  • Systematisk og løysingsorientert med god gjennomføringsevne
  • Effektiv, fleksibel og serviceinnstilt
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 58–64 (ca. kr 499 600 – 558 500 brutto årsløn) i det statlege lønsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Ørjan Totland, e-post: Orjan.Totland@uib.no eller administrasjonssjef Terje Restad, e-post Terje.Restad@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrar-bakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    30. april 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    150163
  • Intern-ID
    2018/3570
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger