Universitetet i Bergen

Institutt for framandspråk

Tekst: Bli med å skape fremdragende forskning

Stipendiat – prosjektet The English Cult of St. Birgitta of Sweden: Reception and Influence, 1380-1530

Ved Institutt for framandspråk (IF) er det ledig ei stipendiatstilling med planlagd start 1. august 2018, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år.

 

Institutt for framandspråk har ni ulike språkfag (arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudiar og tysk), og dei tilsette underviser og forskar innan disiplinane språk/lingvistikk, litteratur, kulturkunnskap og fagdidaktikk (www.uib.no/fremmedsprak). Instituttet har litt over femti fast vitskapleg tilsette, fire postdoktorar, om lag tjue stipendiatar og tolv administrativt tilsette.

 

Stillinga er knytt til forskingsprosjektet The English Cult of St. Birgitta of Sweden: Reception and Influence, 1380-1530, leia av førsteamanuensis Laura Saetveit Miles. Prosjektet utforskar korleis Openberringar av Birgitta og andre birgittinske tekstar sette djupe spor i den litterære og religiøse kulturen i seinmellomalderens England, og korleis dette speglar komplekse idear om kjønn, autoritet og forfattarskap.

 

For å kunna gjennomføra denne nye analysen, vil latinske og mellomengelske omsetjingar av birgittinske tekstar bli gjennomgått ved hjelp av nyskapande verktøy for databasebruk og nettverksvisualisering, samstundes med at det blir produsert digitale og trykte utgåver av tekstar som ikkje tidlegare er gitt ut.

 

Innanfor rammene av dette hovudprosjektet skal kandidaten leggja fram ei skisse til sitt eige prosjekt («prosjektomtalen» som skal følgja søknaden). Den første oppgåva for den som blir tilsett, er å vidareutvikla temaet og prosjektet i tett samarbeid med prosjektleiar Miles.

 

Moglege tema inkluderer, men er ikkje avgrensa til:

  • manuskriptsirkulasjon og tidlege trykte utgåver av birgittinske tekstar

  • omsetjingsbasert og litterær analyse av Openberringar og ulike tilpassingar av boka

  • Birgitta og andre visjonære kvinner/kvinnelege lesarar

  • interessa for Birgitta i kloster og mellom lekfolk

  • skolastisk og politisk bruk av Birgitta

  • ulike relevante kombinasjonar av tema ovanfor

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande innan eit fagområde som er relevant for ph.d.-prosjektet. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Instituttet vil kunne sende dokumentasjon av utanlandsk utdanning til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.

  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

  • Søkjaren må meistre engelsk flytande skriftleg og munnleg i tillegg til å kunne lese mellomengelsk. Det er ein føremon å kunne lese noko latin.

  • Ferdigheiter i arkivgransking, paleografi og manuskriptstudiar er ein føremon.

 

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane.

 

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

 

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved UiB, kan ikkje søkje.

 

Om stipendiatstillingar

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

 

Om ein tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan tilsetjingsperioden bli korta ned.

 

Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for framandspråk, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Om forskarutdanninga

Stipendiaten skal delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at søkjaren fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017/LR 20, alternativ 8) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på om lag 436.500 kroner brutto. Vidare opprykk etter tenesteansiennitet i stillinga

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

     

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

 

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing (opp til to sider) om søkjaren sine forskingsinteresser, kvalifikasjonar og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva

  • CV, inkludert ei liste over publikasjonar

  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad og anna relevant utdanning

  • eit kort samandrag av hovudfagsoppgåva/masteroppgåva (inntil 3 sider)

  • relevante attestar

  • prosjektomtale, inkludert framdriftsplan og litteraturliste (inntil 5 sider)

  • manuskript, publiserte eller upubliserte, (opp til 20 sider)

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til prosjektleiar førsteamanuensis Laura Saetveit Miles, laura.miles@uib.no eller telefon 55 58 22 88, forskingskoordinator Randi Koppen, randi.koppen@uib.no eller telefon 55 58 23 68, eller til forskingskonsulent Jan A. Johansen, jan.johansen@uib.no eller telefon 55 58 93 78.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

 

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no.

 

Søknadsfrist: 30.04.2018

Merk søknaden: 18/3576

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    30. april 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    150040
  • Intern-ID
    18/3576
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger