Universitetet i Bergen

Institutt for framandspråk

Tekst: Bli med å skape fremdragende forskning

Stipendiat i språkvitskap (språkbruk i klima- og miljøspørsmål)

Ved Institutt for framandspråk (IF) er det ledig ei stipendiatstilling med planlagd start 1. august 2018 eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år. Stipendiatstillinga er i språkvitskap, knytt til språkbruk innanfor klima- og miljøspørsmål.

 

Institutt for framandspråk har ni ulike språkfag (arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudiar og tysk), og dei tilsette underviser og forskar innan disiplinane språk/lingvistikk, litteratur, kulturkunnskap og fagdidaktikk (www.uib.no/fremmedsprak). Instituttet har litt over femti fast vitskapleg tilsette, fire postdoktorar, om lag tjue stipendiatar og tolv administrativt tilsette.

 

Søkjarar må leggje fram eit prosjekt som plasserer seg innanfor språkbruk knytt til klima- og miljøspørsmål. Prosjektet vil føye seg inn i forskingsområdet utvikla av forskargruppa LINGCLIM (http://www.uib.no/en/project/lingclim), som har forska på dette området innan engelsk, fransk og norsk språk.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande innan eit fagområde som er relevant for ph.d.-prosjektet. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Instituttet vil kunne sende dokumentasjon av utanlandsk utdanning til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.

  • Den som blir tilsett, må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner, og kunne bruke engelsk skriftleg og munnleg. Det er ein føremon om søkjarane meistrar fransk.

 

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane.

 

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, blir det lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

 

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved UiB, kan ikkje søkje.

 

Om stipendiatstillinga

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

 

Om ein tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan tilsetjingsperioden bli korta ned.

 

Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for framandspråk, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Om forskarutdanninga

Stipendiatane skal delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at søkjarar fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017/LR 20, alternativ 8) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på om lag 436.500 kroner brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

     

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

 

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå hovudfagsoppgåva/masteroppgåva

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad

  • eit kort samandrag av hovudfagsoppgåva/masteroppgåva (inntil 3 sider)

  • relevante attestar

  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar

  • prosjektomtale (inntil 5 sider, litteraturliste ikkje medrekna)

  • framdriftsplan for prosjektet

  • litteraturliste for prosjektomtalen

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Øyvind Gjerstad (rettleiar for stipendiaten), oyvind.gjerstad@uib.no eller telefon 55 58 23 44, til forskingskoordinator Randi Koppen, randi.koppen@uib.no eller telefon 55 58 23 68, eller til forskingskonsulent Jan A. Johansen, jan.johansen@uib.no eller telefon 55 58 93 78.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

 

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no.

 

Søknadsfrist: 30.04.2018

Merk søknaden: 18/3579

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    30. april 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    150039
  • Intern-ID
    18/3579
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger