Universitetet i Bergen

Institutt for framandspråk

Tekst: Bli med å skape fremdragende forskning

Postdoktor innan russiskfaget

Ved Institutt for framandspråk (IF) er det ledig ei postdoktorstilling med planlagd start 1. august 2018 eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år.

 

Institutt for framandspråk har ni ulike språkfag, og det blir undervist og forska innan disiplinane språk/lingvistikk, litteratur, kulturkunnskap og fagdidaktikk (http://www.uib.no/fremmedsprak). Instituttet har litt over femti fast vitskapleg tilsette, fire postdoktorar, om lag tjue stipendiatar og tolv administrativt tilsette.

 

Den utlyste stillinga er knytt til det pågåande forskingsprosjektet Cultural Policies and Practices in Contemporary Russia leia av professor Ingunn Lunde. Prosjektet ønskjer å kombinere litteraturvitskap og lingvistikk med tilnærmingar frå litteratursosiologi og antropologi for å utforske kulturpolitikk og kulturelle praksisar – og korleis dei på dynamisk og komplekst vis flettar seg saman – i Russland på 2000-talet. Føremålet med prosjektet er å kartleggje korleis kulturelle praksisar formar, og blir forma av, statlege prioriteringar og politikk på kulturfeltet, å undersøkje tilhøvet mellom kunst og politikk i det postsovjetiske Russland i ein breiare kontekst, å identifisere og skildre diskursar og kommunikasjonsformer som kunstnarar – og særleg forfattarar – brukar i responsen sin til kulturpolitikken og til politiske spørsmål generelt, og dessutan å utforske kunstnaren/forfattaren sin posisjon i spennet mellom sosiale, politiske og estetiske spørsmål. Søkjaren skal formulere eit prosjektframlegg som ligg innanfor eit relevant empirisk felt (t.d. kulturell/litterær/kunstnarisk respons til historiepolitikk eller språkpolitikk) og/eller ei sentral teoretisk problemstilling (t.d. litteratur mellom politikk og estetikk; kunstnariske, «performative» praksisar som politiske ytringar».

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjaren må ha oppnådd norsk ph.d.-grad i russisk språk, litteratur eller kulturstudiar, eller eit anna relevant felt. Ho eller han kan òg ha ein tilsvarande doktorgrad frå utlandet. Doktoravhandlinga skal vere levert før søknadsfristen er ute, og oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetjing.
  • Søkjaren må meistre russisk jamgodt med, eller bortimot like godt som, ein morsmålsbrukar, og engelsk fullgodt til akademisk bruk.
  • Søkjaren må leggje fram ei prosjektskisse med framdriftsplan for hovudaktivitetane i prosjektet. I tillegg må søknaden innehalde ein plan for publisering av forskingsresultata i internasjonale, anerkjende kanalar.
  • Søkjaren skal òg ta del i arbeidet med å nå dei langsiktige strategiske forskingsmåla ved russiskfaget og Institutt for framandspråk.

I vurderinga av søkjarane blir hovudvekta lagt på dei akademiske kvalifikasjonane (publikasjonar og anna relevant erfaring) og på den vitskaplege kvaliteten i postdoktor-prosjektet. Dessutan skal det leggjast vekt på erfaring frå popularisering og formidling av forsking.


Den som får stillinga, må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

 

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vert det lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.


 Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett, for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for framandspråk, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.


Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 57 (kode 1352/LR 24) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på omlag kr. 490.500 brutto. Vidare opprykk etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

 

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

 

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktoravhandlinga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad og vitnemål for doktorgraden eller stadfesting av at doktorgradsavhandlinga er levert
  • eit kort samandrag av doktorgradsavhandlinga (inntil 3 sider)
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • publikasjonar
  • prosjektomtale (inntil 5 sider, bibliografi ikkje medrekna)
  • framdriftsplan for prosjektet
  • litteraturliste for prosjektomtalen

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.


 Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til forskingskoordinator Randi Koppen, randi.koppen@uib.no eller telefon 55 58 23 68, professor Ingunn Lunde, ingunn.lunde@uib.no eller telefon 55 58 20 17, eller til forskingskonsulent Jan A. Johansen, jan.johansen@uib.no eller telefon 55 58 93 78.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

 

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no.

 

Søknadsfrist: 30.04.2018

Merk søknaden: 18/3581


Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    30. april 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    150037
  • Intern-ID
    18/3581
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger