Universitetet i Bergen

Universitetsmuseet i Bergen

Tekst: Kunnskapsrik og målbevisst?

Førsteamanuensis i botanikk

Ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for naturhistorie, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i systematikk innan eit av felta lichenologi, phycology, bryologi eller mycologi.

Avdeling for naturhistorie har det vitskaplige og kuratoriske ansvaret for botanikk, geologi og zoologi på museet. Det er for tida 13 vitskaplege, 30 teknisk og administrative tilsette på eininga, i tillegg til midlertidige prosjekttilsette. Stillinga er knytt til Herbarium BG, som rommar samlingar av lav, algar, mosar, sopp og karplantar og omfattar rundt 700 000 belegg.

For tida er det eit fokus på mindre kjende organismegrupper i Noreg og Arktis, og avdelinga bidrar med data til Artsdatabanken og BoLD og GBiF.

Arbeidsoppgåver/forskingsfelt:

Vi søkjer ein produktiv og innovativ akademikar som vil verte ein dedikert forskar i systematikk innan ei av gruppene lav, algar, mosar eller sopp. Den som vert tilsett har ein framifrå bakgrunn innan systematikk og taksonomi innan ei av gruppene og driv forsking på fylogenetiske samanhengar, taksonomi, artsdiversitet, biogeografi og/eller evolusjonære prosessar som forårsakar nye og gamle diversitetsmønster.

Vi forventar at søkjar har kompetanse i både molekylære og morfologiske metodar innan fylogeni og taksonomi. Forskinga skal vere innanfor Avdeling for naturhistorie sin forskingsstrategi, og det vert forventa eit globalt perspektiv, men fortrinnsvis fokusert på ei gruppe som finst i dei nordiske landa.

Universitetet i Bergen har ein sterk marin profil og derfor er eit fokus på marine algar av strategisk interesse for museet og vil verte sett på som særleg interessant. Fokus på ei organismegruppe der det manglar kompetanse innan systematikk ved universitetsmusea på eit nasjonalt plan, vil også verte høgare prioritert enn fokus på grupper der det allereie er taksonomisk kompetanse i Norge.

Stillinga omfattar kuratoransvaret for våre vitskaplege samlingar av lav, algar, mosar og sopp, totalt om lag 200 000 belegg. Vi håpar å rekruttere ein systematikar med kurateringserfaring frå samlingar og anna museumsarbeid, og med eit oppriktig engasjement for å utvikle samlinga.

Den føretrekte kandidaten vil ta del i produksjon av utstillingar og andre utadretta aktivitetar ved museet. Det er også forventa at den tilsette vil gi undervisning i hans eller hennar ekspertområde og bidra til ei suksessfylt utvikling av forskarskulen i biosystematikk (ForBio).

Den som vert tilsett vil være ein aktiv partnar i forskargruppene i systematikk ved avdelinga og det vert venta at vedkommande søkjer om eksterne forskingsmidlar.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Søkjaren må har doktorgrad i systematikk på lav, algar, mosar eller sopp, eller tilsvarande kvalifikasjonar
  • Erfaring frå forsking i systematikk utover doktorgradsnivå er nødvendig: prosjekt og publikasjonar frå dei siste fem åra vert særleg vektlagt
  • Erfaring frå kuratering av samlingar og anna museumsarbeid er ein fordel
  • Omfattande forsking- og samlingsnettverk vil telja positivt
  • Dokumentert evne til å skaffe eksterne midlar vert sett på som positivt
  • Må kunne arbeide sjølvstendig og på ein strukturert måte, og ha evne til å samarbeide med andre.

Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 60 – 62 (kode 1011/lønsramme 24) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 517.700 – 537.700 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden må innehalda:

  • CV
  • Vitnemål
  • Referansar
  • Komplett liste over publikasjonar
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, maksimalt 10, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde

Søknaden skal innehalde ei kort beskriving av forskingsinteresse og framtidige planar for forskingsprosjekt.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Aino Hosia (Avdelingsleiar ved Avdeling for naturhistorie, Universitetsmuseet i Bergen, e-post: aino.hosia@uib.no, tel. +47 55 58 29 63, mobil +47 924 67 311)

Jenny Smedmark (Førsteamanuensis, Ansvarleg for karplanteherbariet, Avdeling for naturhistorie, Universitetsmuseet i Bergen, e-post: jenny.smedmark@uib.no, tel.: +47-55 58 33 51). 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    23. april 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Avdeling for naturhistorie
  • Jobbnorge-ID
    150002
  • Intern-ID
    18/3395
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger