Universitetet i Bergen

Det juridiske fakultet

Tekst: Kunnskapsrik og målbevisst?

Stipendiatstilling ved Det juridiske fakultet (3. gongs utlysing)

Ved Det juridiske fakultet i Bergen er det ledig ei mellombels stilling som stipendiat innan fagfeltet politirett og påtalerett. Tiltreding etter avtale, men seinast 15. juni 2018.


Stillinga er ein del av eit femårig forskingsprosjekt; «Politi- og påtalerett» som er finansiert av Bergens forskningsstiftelse (BFS), Det juridiske fakultet og Politidirektoratet. Prosjektet starta opp 1. mars 2017 og  har så langt ein prosjektleiar, ein professor (25 %), ein forskar, ein ph.d.-stipendiat (i politirett) og ein professor II (10 %). Sjå meir om prosjektet på http://www.uib.no/politiogpatalerett


Normal åremålsperiode for stillinga er 4 – fire – år med 25 prosent pliktarbeid. Åremålsperiode utan pliktarbeid kan bli vurdert.

 

Om avhandlingsprosjektet

Det overordna temaet for prosjektet som skal utførast i stipendiatstillinga, og leie fram til ei avhandling til ph.d.-graden, er: «Samhandling, informasjonsinnhenting og informasjonsdeling i kriminalitetsbekjempelsen».

 

Effektiv informasjonsbehandling (m.a. innhente, lagre og dele) og samhandling mellom politi- og påtalemakt og andre offentlege kontroll- og tilsynsetatar, har stor betyding når ein skal avdekke og etterforske lovbrot. Temaet aktualiserer fleire spørsmål. Heimelsgrunnlaget for tverrfagleg samarbeid og dei ulike etatane si rolle og deira fordeling av ansvar, treng ei rettsleg avklaring. Reglane om teieplikt og unntak frå dei etter politiregisterlova, og teieplikter som ligg på andre offentlege etatar, set og viktige rettslege rammer. Reglane er noko ulikt forma ut, og dei kan i ulike samanhengar setje tilsikta eller utilsikta rettslege hinder for deling av informasjon. Dei ulike tilsyns- og kontrolletatane har òg andre heimlar og grunnar for å innhente informasjon, enn politiet. I samhandling er føremålet med å dele informasjon ofte avgjerande for kva som kan delast, både ved informasjonsdeling frå og til politiet.

 

Temaet er breitt angitt, slik at søkjaren har høve til å gi eigne bidrag til prosjektet sine nærmare avgrensingar og problemstillingar.

 

Prosjekt som har fokus på gi ei brei rettsvitskapeleg behandling av regelverket knytt til samhandling og informasjonsdeling i tilfelle der politi- og påtalemakt inngår i tverretatlege, faste eller mellombelse, samarbeidsformer, vil bli føretrekt. Men òg prosjekt om teieplikter og informasjonsdeling internt i politiet, mellom private (derunder bank- og finansinstitusjonar) eller mellom nasjonalt politi og utanlandsk politi, vil bli vurdert.

 

Prosjektskildringa som skal følgje søknaden, bør vere på ca. 10 sider. Ho skal innehalde ein plan for gjennomføringa av forskingsprosjektet og forskerutdanninga (sjå nedanfor).

 

Andre arbeidsoppgåver

Den som blir tilsett pliktar òg å bidra aktivt i forskingsprosjektet sine aktivitetar (fagmøter, forskningsformidling, seminar, konferansar mv.).

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Du må ha mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning. Det er ein føresetnad at du har levert masteroppgåva innan søknadsfristen, og at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Du må gjennom karakternivå eller skriftlege arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå, som kvalifiserer for rettsvitskapleg arbeid.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

 

Om stipendiatstillinga

Administrasjons- og undervisningsspråket på fakultetet sitt doktorgradsprogram er til vanleg norsk. Eventuell undervisning skal kunne gjennomførast innanfor dei obligatoriske faga i masterstudiet i rettsvitskap ved UiB.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ph.d.-graden innanfor ei tidsramme på 3 år. I tillegg til å fylle dei generelle krava for tilsetjing, må du og fylle kravet for opptak på fakultetet sitt ph.d.-program.

 

Du må fylle ut skjema for opptak på ph.d.-programmet. Skjema kan du hente på denne nettsida: http://www.uib.no/phd/74164/s%c3%b8ke-om-opptak-til-phd-utdanning.

 

Vi kan tilby

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 52 /57 (kode 1017/LR 20. 8) ut frå relevant praksis. Dette ligg for tida i spennet mellom 446 500,- og 490 900,-. For særleg kvalifiserte søkjarar, kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

 

Søknaden skal innehalde

  • Ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stilling
  • Prosjektskildring og framdriftsplan
  • CV
  • Skjema for opptak på ph.d.-programmet
  • Kopiar av karakterutskrifter og vitnemål frå bachelor- og/eller mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • Relevante attestar
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Eventuelle vitskapelege arbeid og liste over desse (publikasjonsliste)
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning.


Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge via lenke på denne sida merka «Søk stillingen».

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å vende seg til administrasjonen ved Det juridiske fakultet, tlf. 55 58 96 76, prodekan for forsking Anne Marie Frøseth tlf. 55 58 95 49 eller prosjektleiar, førsteamanuensis Gert Johan Kjelby tlf. 55 58 96 34.


Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.


Det kan bli aktuelt å gjennomføre intervju ved tilsetjing i stillinga.

 

Vi viser elles til rettleiing for søkjarar til stipendiatstilling som du finn på denne nettsida: http://www.uib.no/jur/24432/reglement-og-retningslinjer.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    9. april 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Dragefjellet, Bergen
  • Jobbnorge-ID
    148214
  • Intern-ID
    2017/4933
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger