Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Tekst: Kunnskapsrik og målbevisst?

Overingeniør ved Institutt for geovitenskap - vikariat

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig eit 50 % vikariat som overingeniør. Stillinga har ei varigheit på 1,5 år med moglegheit til forlenging avhengig av prosjektsfinansiering. Stillinga er knytt til støtte til geodynamisk modellering og 3D-seismisk lab.


Arbeidsoppgåver

  • Administrasjon av software og data samt generell støtte ved GIS.

  • Støtte ved geologisk prosjektadministrasjon.

  • Praktisk IT-støtte i form av innkjøp (hardware og software), installeringshjelp og kontoadministrasjon.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha mastergrad i realfag innan eit fagfelt som er relevant for stillinga.

  • Søkjarar må ha grunnleggjande IT-kunnskapar og erfaring med Linux systema.

  • Geofagleg bakgrunn og forståing av geologiske problemstillingar vil vere ein føremon.

  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnelege engelskkunnskapar.

  • Det forventast at kandidaten har evne til å halde oversikt, arbeide systematisk, til å kommunisere godt og til å setje seg inn i ulike typar problemstillingar.

  • Søkjarar må også kunne ta initiativ og vere fleksibel.

  • Evne til å vere løysings- og resultatorientert.

  • Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53 til 60 i det statlege lønsregulativet, avhengig av kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 458 700 - 517 300.

  • medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til administrasjonssjef Andrea Grimnes tlf. 55 58 33 00/e-post andrea.grimnes@uib.no, eller professor Ritske Huismans tlf. 55 58 81 17/e-post ritske.huismans@uib.no.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og

kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    26. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    148168
  • Intern-ID
    18/1286
  • Omfang
    Fast 50%
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger