Fylkesmannen er statens representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Fylkesmannen skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styresmakter. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Hordaland blir ein organisasjon frå 1. januar 2019.

Sommarjobb innan IKT utvikling

 

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gode erfaringar med å ha studentar innan IKT-utvikling i sommarjobb. Vi tilbyr to studentar sommarjobb i seksjon for IKT i tidsrommet juni til august 2018.

Arbeidsoppgåver
• Du får høve til å arbeide tett saman med utviklingsmiljøet i avdelinga.
• Vi arbeider med å utvikle og tilpasse IKT-tenester for offentleg sektor.

Kvalifikasjonar
• Vi søkjer primært etter studentar innan informatikk/systemutvikling. Pass på at du i søknaden skriv kva utdanning du tek og kor langt du er komen i utdanninga.
• Arbeidsspråket er norsk.

I søknaden treng vi informasjon om perioden du ønskjer å jobbe.


Personlege eigenskapar:
• Du er ryddig og tek ansvar for eiga læring
• Du har godt humør og likar samarbeid

Nærare opplysningar om sommarjobben får du hos gruppeleiar Frank Hofslundsengen, tlf. 99290394,
fmsffho@fylkesmannen.no 


Søknadsfrist: 3.april 2018


Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    3. april 2018
  • Arbeidsgiver
    Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
  • Nettside
  • Kommune
    Leikanger
  • Jobbnorge-ID
    148083
  • Omfang
    Deltid
  • Varighet
    Sesong

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger