Universitetet i Bergen

Institutt for sosialantropologi

Tekst: Skap relevans. Vær utforskende

Førstelektor

Ved Institutt for sosialantropologi, Universitetet i Bergen, er det ledig eit vikariat som førstelektor frå medio mars 2018 til 28. februar 2019.

 

Arbeidsoppgåver

  • Emneansvar for emnet SANT240: «Poverty, Welfare and Marginalisation: An Ethnographic Approach to Modern Urban Life». Emnet går i vårsemesteret 2018.

  • Undervise ulike introduksjonsemne på BA-programmet i sosialantropologi haustsemesteret 2018.

  • Andre påkomande undervisningsoppgåver.

Kvalifikasjonar

  • Doktorgrad i sosialantropologi

  • Undervisningspraksis frå universitets- og høgskulesektoren

  • Må kunne undervisa på norsk og engelsk

  • Vi vil leggje stor vekt på at den som vert tilsett er personleg egna for stillinga. Samarbeidsevne og ambisjonar for eiga undervisning vert tillagt vekt. 

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

 

Vi kan tilby

  • Stillinga er løna etter lønssteg 57-65 (Lpl.17.510/ kode 1198/LR.24). Dette utgjer ei årsløn på kr.485 700 – 569 000 brutto i full stilling. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

Aktuelle kandidatar vil bli invitert til intervju.

 

Søknad

Søknad med CV, kopi av vitnemål og attestar samt oversyn over pedagogiske kvalifikasjonar skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida ”søk på jobben”.

 

Søknadsfrist: 22. februar 2018

 

Søknaden skal merkast 18/2033

 

Søknader som blir sendte på e-post blir ikkje vurderte.

 

Til informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Ståle Knudsen, e-post: Stale.Knudsen@uib.no, tlf. 55 58 92 80.

 

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettas til seniorkonsulent Anita Helen Spurkeland,

e-post: Anita.Spurkeland@uib.no eller tlf. 55 58 90 58.

 

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Universitetet i Bergen nyttar prinsippet om meir offentleg innsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    22. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    148065
  • Intern-ID
    18/2033
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger