Universitetet i Bergen

Det psykologiske fakultet

Tekst: Skap relevans. Vær utforskende

To stipendiatstillingar ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig to stillingar som stipendiat. Stillingane er for ein åremålsperiode på 3 år, knytt til ei BEDREHELSE-bevilling frå Noregs Forskingsråd for prosjektet «Effects of music instrument lessons on brain plasticity, mood, and quality of life in Alzheimer patients» (ALMUTH) med professor Stefan Kölsch som prosjektleiar og hovudrettleiar.

 

Det psykologiske fakultet tilbyr profesjonsutdanning for psykologar, har ansvar for universitetspedagogisk utdanning av UiB sin eigen stab, bidreg med pedagogikkdelen av lærarutdanninga, og tilbyr grader innan eit vidt felt: barnevern, helsefremjande arbeid, pedagogikk, spesialpedagogikk, psykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi og logopedi. Fakultetet sine hovudsatsingsområde innan forsking er knytt til helse, utdanning, utviklingsrelatert forsking og basalforsking i vid forstand.

 

Den faglege verksemda ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi (IBMP) er omfattande og held internasjonalt nivå, knytt til forsking og undervising innan biologisk psykologi, kognitiv nevrovitskap, nevropsykologi og logopedi. Det er ca. 60 tilsette inkludert stipendiatar, postdoktorar og teknisk/administrativt personale. IBMP har seks forskingsgrupper (B.LOG, BCLG, C-CNS, fMRI gruppa, BSSG, CAN-lab), ein forskarskule (IGSIN), og ein nevropsykologisk undervisningsklinikk. Forskinga omfattar både basal og klinisk retta forsking. Ein vesentleg del av forskinga skjer i samarbeid med andre forskingsinstitusjonar og laboratorium i Noreg og i andre land. Instituttet rår over moderne laboratorium for elektrofysiologi, samt dyreforsking og har god tilgang til fMRI-fasilitetar.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

ALMUTH prosjektet handlar om alzheimer og effekten av musikalske intervensjonar. Arbeidsoppgåver vil omfatte innsamling av MRI/fMRI data, nevropsykologiske testing, og analyse av resultat. Ta kontakt med prosjektleiar for å få tilsendt prosjektbeskrivinga til ALMUTH.

 

Den som vert tilsett vil bli knytt til forskingsgruppa “Hjerne og musikk”, ei node under “Bergen fMRI forskingsgruppe” ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi. Hovudrettleiar vil bli prosjektleiar Stefan Kölsch. Arbeidsplass vil vere Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, Jonas Lies vei 91.

 

Kvalifiserte søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må vere cand. psychol. eller ha oppnådd mastergrad i nevrovitskap, psykologi, kognitiv vitskap, medisin eller anna relevant mastergrad (norsk eller utanlandsk) på søknadstidspunktet.
  • Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til forskarutdanninga.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg
  • Det er positivt om søkjarar har erfaring frå forsking på demens og alzheimer
  • Gode norskkunnskapar er å føretrekke på grunn av kommunikasjon med norsk-språklege respondentar
  • Medisinarar eller psykologar er spesielt velkomne til å søke, med bakgrunn i at stillingane inneber nevropsykologiske vurderingar
  • Søkjarar med musikalsk bakgrunn er ein fordel, men ikkje naudsynt.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også verte vurdert iht krava for opptak til den organiserte forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet. Ein endeleg plan for gjennomføring av forskingsopplæringa må godkjennast av fakultetet innan tre månader etter at du har starta i stillinga.

 

Nærare om forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet her.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 50 (kode 1017 / LR20, alternativ 8) etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer ei årsløn på kr 436.900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Ei kort prosjektskisse (maks 3 sider inkl. referansar)
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
    • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av høgare utdanning.
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Du søkjer elektronisk i JobbNorge til Universitetet i Bergen via knappen på denne sida: «Søk stillinga». Søknad, CV og vedlegg skal kun sendast elektronisk i JobbNorge.

 

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

 

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

 

Søknadsfrist: 01.03.2018

Søknaden skal merkast: 18/1451

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:


  • Professor Stefan Kölsch, Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, e-post: stefan.koelsch@uib.no, telefon +47 55 58 62 31
  • Instituttleiar / Professor Robert Murison, Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, e-post: Murison@uib.no, telefon +47 55 58 62 25

     

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. mars 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Institutt for biologisk og medisinsk psykologi
  • Jobbnorge-ID
    148023
  • Intern-ID
    18/1451
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger