Universitetet i Bergen

Klinisk institutt 2

Bli med å skape fremragende forskning

Professor (immunologi) ved Broegelmanns forskingslaboratorium

Ved Det medisinske fakultet, Broegelmanns Forskingslaboratorium, Klinisk institutt 2, er det ledig ei fast stilling som professor (100 %) i immunologi. Arbeidsstad er i Laboratoriebygget ved Haukeland universitetssjukehus, Bergen.

 

Ein stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre tilhøve som det vert lagt vekt på ved tilsetjinga, finn du lenger ned på sida.

 

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte instituttleiar, professor Pål Njølstad (Pal.Njolstad@uib.no) eller leiar av Broegelmanns Forskingslaboratorium, professor Roland Jonsson (roland.jonsson@uib.no).

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • søkjar bør helst ha medisinsk embetseksamen og må ha norsk doktorgrad (ph.d.) i relevant fagområde eller tilsvarande kompetanse

  • den som vert tilsett skal undervise i basal og klinisk immunologi

  • den som vert tilsett vil ha rettleiing av mastergrads studentar og ph.d.-kandidatar

  • det vil bli lagt vekt på evne til å skape forskingsmiljø gjennom eigen nettverksbygging nasjonalt og internasjonalt

  • det vil bli lagt vekt på evne til å skaffe eigne forskingsmidlar

  • pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga, den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing

     

    Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt frå forskingsstrategisk arbeid. Vidare vert det lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

    Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.


    Løn

    Professor vert lønt etter lønssteg 76-78 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida 698 000 - 743 100 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

     

    Vi kan tilby

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • god tilgang til kjernefasilitetar http://www.uib.no/en/mofa/64790/core-facilities
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar 

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgjevar ved å gå inn på nettsida: http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Retningsliner for tilsetjing i statleg verksemnd

Den som vert tilsett pliktar å ta del i undervising og eksamen etter dei studieordningane som gjeld til kvar tid og til utan godtgjersle å rette seg etter dei endringane som gjennom lov måtte bli vedtekne om fagkrins, pensjonsordning og aldersgrense.


Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.


Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.


Søknad

Slik søkjer du stillinga:

 

Send søknad og CV som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

 

Legg ved:

 

●         attesterte vitnemål og attestar

●         fullstendig publikasjonsliste

●         liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar

●         ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde

●         vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15) i passande format (pdf) som vedlegg.

 

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.


I tillegg ber vi søkjar legge ved:

●         dokumentasjon av innhenta eksternfinansiering

●         forskingsplan for dei neste fem år (maksimum fem sider)

 

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

 

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at all informasjon er lagt inn innan fristen.

 

Ein viser elles til «Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger og faglige/administrative lederstillinger».

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

 

Stillingsomtale

 

Professor (100 %) i immunologi ved Broegelmanns forskingslaboratorium, Klinisk institutt 2

Ved Det medisinske fakultet, Broegelmanns forskingslaboratorium, Klinisk institutt 2, er det ledig ei fast stilling som professor (100 %) i immunologi. Arbeidsstad er i Laboratoriebygget, Haukeland universitetssjukehus.

 

Broegelmanns forskingslaboratorium er ei immunologisk forskingseining med omfattande sjølvstendig forskingsansvar, sjølvstendig organisering og med eigen administrasjon. Dette betyr at eininga er gjeven eit klart mandat for forsking og utvikling av forskarar frå UiB. Organisatorisk er Broegelmanns forskingslaboratorium lagt til Klinisk institutt 2.

 

Klinisk institutt 2 er eit av to kliniske institutt ved Det medisinske fakultet og omfattar fleire kliniske spesialitetar innan det medisinske fagområdet. Instituttet har om lag 250 tilsette og er lokalisert i laboratoriebygget ved Haukeland universitetssjukehus. Instituttet utfører medisinsk forsking og rettleiing og undervisning på eit høgt internasjonalt nivå. Instituttet har viktige oppgåver innan medisinutdanninga, ulike mastergrads program, og ph.d.-program innan medisin, odontologi, farmasi og ernæring.

 

Den som vert tilsett skal vere leiar av Broegelmanns forskingslaboratorium (BFL) http://www.uib.no/rg/broegelmann. BFL består for tida av ei stor og aktiv forskingsgruppe med 5 faste stillingar, 5 postdoktorar og 10 ph.d.-kandidatar, som til saman utgjer 20-25 tilsette med omfattande internasjonal forskingsprofil. Det er for tida 5 forskingsgrupper ved BFL: Dendritic cells, B cells, NK cells and immuneregulation, Patient stratification and biomarkers og Post translational modification. I tillegg har BFL ansvar for Bergen Research School in Inflammation (http://www.uib.no/en/rs/brsi). 

 

Grunnbevillinga til BFL (om lag 3 mill. kr årleg) kjem frå Broegelmanns Legat. For tida dekkjer dette løn til teknisk personell (2) og ein administrativ tilsett, samt støtte til ein ph.d.-kandidat og elles driftsutgifter. Det er venta at den som vert tilsett i stillinga har erfaring frå og evne til å skaffe nasjonal og internasjonal finansiering via kjelder slik som NFR, EU og andre.

 

BFL har for tida eit tett samarbeid med Avdeling for reumatologi ved Haukeland universitetssjukehus, men har også samarbeid med avdelingane for dermatologi, kardiologi og transfusjonsmedisin. I tillegg kan BFL vise til eit langvarig samarbeid med fagområda patologi og odontologi.

 

Generell informasjon
Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Den som blir tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjing, får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Universitetet i Bergen understrekar at pedagogiske kvalifikasjonar skal tilleggjast reell vekt ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar. Dette kan ein til dømes gjere ved å sende inn:


• prov for gjennomført pedagogisk utdanning
• evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning
• oversyn over undervisningsomfang og -nivå
• oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat
• mottekne studentprisar
• eigne pedagogiske publikasjonar
• eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
• rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

  

Tilsetjinga går føre seg på grunnlag av vurdering av ei vitskapeleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ inkludert intervju og eventuell prøving av undervisningskompetanse.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. august 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    148020
  • Intern-ID
    18/2002
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger