Vil du jobbe for auka deltaking i arbeids- og samfunnsliv?

 

Kompetanse Noreg, direktoratet for kompetansepolitikk, jobbar for å heve vaksnes kompetanse slik at færre fell utanfor. Gode ordningar for læring gjennom heile livet er eit vilkår for eit inkluderande arbeids- og samfunnsliv. Vi er underlagde Kunnskapsdepartementet, og har hovudkontor i Oslo, og regionkontor i Bergen og Tromsø.

Seksjonen for økonomi har ledig fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar.

Stillinga er ledig omgåande.

 

Seksjonen jobbar med rekneskap, økonomistyring og operativ tilskotsforvalting. Det er 11 medarbeidarar i seksjonen. Les meir om kva vi jobbar med.

 

Kompetanse Noreg legg vekt på mangfald, og oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonshemming eller nasjonal og etnisk bakgrunn. Kompetanse Noreg er ei IA-verksemd. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjorde jamvel om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. offentlegheitslova § 25. Søkjarane vil i tilfelle bli informerte om dette på førehand.

 

Arbeidsoppgåver:

  • følgje opp budsjett og rekneskap for avdelingar/seksjonar

  • økonomisk rapportering på eksternt finansierte prosjekt

  • rekneskapsmessige avstemmingar

  • remittering

  • anna førefallande arbeid

Kvalifikasjonar

Vi krev:

  • minimum fullført treårig høgare økonomisk utdanning, realkompetanse kan kompensere for kravet om formell utdanning
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Det er ein fordel med:

  • relevant arbeidserfaring

  • kjennskap til statleg rekneskapsføring og regelverk

  • kjennskap til Agresso

Vi ønskjer at du:

  • har engasjement og initiativ

  • arbeider sjølvstendig

  • er løysingsorientert

  • er nøyaktig

Vi vil leggje vekt på at du er personleg eigna for stillinga.

 

Vi tilbyr:

  • lønnsplassering etter kompetanse:

    • rådgivar/seniorrådgivar vert lønt med kr. 474 700 og kr 623 900, for særskilt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast

  • fleksibel arbeidstid

  • godt tilrettelagte lokale i Oslo sentrum

  • medlemskap i Statens pensjonskasse, som gir gunstig pensjonsordning og moglegheit for bustadlån, til dette vert det trekt 2 % av lønna til lovfesta innskot

Kontaktperson: seksjonsleiar Anne Stokkedal på telefon 93 43 65 16, e-post: anne.stokkedal@kompetansenorge.no

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    21. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Kompetanse Noreg
  • Nettside
  • Kommune
    Oslo
  • Jobbnorge-ID
    147998
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger