Universitetet i Bergen

Institutt for sammenliknende politikk

Tekst: Skap relevans. Vær utforskende

Universitetslektor (vikar) ved Institutt for sammenliknende politikk

 

Ved Institutt for samanliknande politikk, Universitetet i Bergen, er det ledig eit vikariat som universitetslektor for ein periode på eitt år med verknad frå august 2018.

Institutt for samanliknande politikk er eit spanande miljø for forsking og utdanning om politiske institusjonar, organisasjonar, prosessar og åtferd på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan. Instituttet administrerer studieprogram i samanliknande politikk på bachelor- og masternivå, eit bachelorprogram i europastudiar og eit erfaringsbasert masterprogram i demokratibygging. Tilsette deltek aktivt i nasjonal og internasjonal forsking og markerer seg godt i offentleg debatt. Den akademiske aktiviteten er organisert i tre forskingsgrupper: utfordringar i etablerte demokrati; demokrati og utvikling; og medborgarar, opinion og representasjon. DIGSSCORE (The Digital Social Science Core Facility) er ein infrastruktur for avansert samfunnsvitskapleg datainnsamling og fleirdisiplinær forsking ved Universitet i Bergen og Institutt for samanliknande politikk.

Meir informasjon om undervisningstilbodet og forskingsprofilen ved instituttet finn du på http://www.uib.no/sampol.

Arbeidsoppgåver
Stillinga er i hovudsak tillagt undervisning og innretta mot:

  • undervisning og utviklingsarbeid på lågare grads nivå
  • rettleiing på lågare grads nivå
  • digitalisering av undervisning
  • praktisk oppfølging av oppgåver knytt til undervisningsverksemda ved instituttet
  • andre studierelaterte oppgåver

Det kan bli mindre endringar i arbeidsoppgåvene i løpet av stillingsperioden. I periodar vil det vere mogelegheit til å setje av tid til utvikling av eige prosjekt.

Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må:

  • ha mastergrad i samanliknande politikk eller tilsvarande kompetanse i samfunnsvitskap.
  • kunne undervise både på norsk og engelsk
  • ha evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • det er ein føremon med pedagogisk og/eller fagdidaktisk utdanning eller å kunne vise til slik kompetanse

Vi vil leggje stor vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna for stillinga. Ambisjonar for undervisning vert tillagt vekt.

Vi kan tilby:

  • løn etter lønssteg 47 – 62 i det statlege regulativ, (kode 1009/LR25.1). Dette utgjer for tida NOK. 416 600 – 537 700. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • godt fagleg og sosialt miljø
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode trenings- og velferdstilbod

Søknaden skal innehalde:
Søknad med CV, kopi av vitnemål og attestar samt oversyn over pedagogiske kvalifikasjonar skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida ”søk på jobben”.

Søknaden skal merkast: 18/1758

Søknadsfrist: 28. februar 2018.

Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.

Søknader som blir sendte på e-post blir ikkje vurderte.

Til informasjon
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar, Jan Oskar Engene, jan.engene@uib.no, eller telefon 55 58 28 95.

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast Even Michal Endresen ved HR-seksjonen: even.endresen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Universitetet i Bergen nyttar prinsippet om meiroffentleg innsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    28. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    147960
  • Intern-ID
    18/1758
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger