Universitetet i Bergen

Institutt for kunst

Tekst: Skap relevans. Vær utforskende

Førsteamanuensis II i samtidskunstteori, visuell kultur og kuratorisk praksis

Ved Institutt for kunst, er det ledig ei bistilling for 4 år som førsteamanuensis (20 %) i samtidskunstteori, visuell kultur og kuratorisk praksis. Tilsetjing er ønska frå 1. august 2018.

Institutt for kunst, er ein del av Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen som samlar leiande fagmiljø og tilbyr forskingsbasert utdanning på bachelor-, master- og ph.d. nivå. Fakultetet har om lag 600 studentar og 180 tilsette.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde
Instituttet har sterkt fokus på teori og på å knytte teori tett opp mot den praktiske utdanninga. Vi søkjer ein førsteamanuensis II til undervisningsrelaterte oppgåver på MA-nivå. Den som vert tilsett må kunne undervise i både samtidskunstteori, visuell kultur, kuratorisk praksis og skriving, tett kobla opp mot studentane sin eigen studiopraksis.

Institutt for kunst
Institutt for kunst har eit aktivt og internasjonalt utdanningsmiljø der studenten sin eigen kunstpraksis står i fokus. Vi har kompetanse på internasjonalt nivå innanfor åtte fokusområde: Maleri og teikning, skulptur og installasjon, keramikk og leire, tidsbasert kunst og performance, nye medium (lyd/video), tekstil, grafikk, og fotografi. Bachelorprogrammet vårt trekker til seg studentar frå heile Skandinavia. Masterprogramma i kunst og kuratorpraksis rekrutterer studentar frå heile verda.

Instituttet har gode verkstadfasilitetar som blir brukt både i undervisning og kunstnarleg utviklingsarbeid. Verkstadene har ei klar fagleg forankring. Vi har ein breitt samansett fagstab som er aktiv på kunstscena i Noreg og internasjonalt. Dette er ein føresetnad for eit levande undervisningsmiljø på instituttet. Det kunstnarlege utviklingsarbeidet og forskinga står sentralt og dannar grunnlaget for undervisninga. Blant samarbeidspartnarane våre er Bergen Assembly, Bergen Kunsthall og Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Fagmiljøa innan kunst og design er samlokaliserte i eit nytt bygg, spesialteikna for verksemda av Snøhetta. UiB arbeider for å etablere eit eige bygg for Griegakademiet - Institutt for musikk på nabotomta i Møllendal.

Kvalifikasjonar og eigenskapar
• Dokumentert relevant kompetanse som førsteamanuensis i fagområdet
• Dokumentert praksis frå undervisning innan tilsvarande studieprogram

Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:
• Perspektiv på høgare kunstutdanning og kunstnarleg utviklingsarbeid
• Pedagogiske evner og engasjement
• Organisatoriske evner og erfaring
• Gode samarbeidsevner med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon

Undervisningsspråket er skandinavisk og engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing.

Vi kan tilby
• Løn utgjer kr. 517.700 – 590.000 brutto i året i fulltidsstilling (lønssteg 60 – 67 kode 8028/lønsramme 24) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særlig kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
• Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
• Medlemskap i Statens pensjonskasse
• Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
• Gode velferdsordningar

Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Fordeling av arbeidstida går fram av den årlege individuelle arbeidsplanen som blir utarbeidd i dialog med den enkelte tilsette og instituttleiar. Instituttleiar har ansvar for å koordinere det totale studietilbodet ved instituttet.

Søknaden skal innehalde:
• CV
• Vitnemål
• Attestar
• Publikasjonsliste
• Materiale som dokumenterer kompetanse som førsteamanuensis

Søkaren må gjere greie for kvalifikasjonane sine knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg, mellom anna ei utgreiing av intensjonar og mål for åremålsperioden. Det er viktig at søkjaren gjer tydelig greie for sitt syn på fagfeltets posisjon og muligheiter.

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenkje på denne sida «SØK STILLINGEN». Last opp alle vedlegga som separate filar. Dersom vedlegga er større enn 15 MB må dei komprimerast før du lastar dei opp.

Andre opplysingar
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskapelige stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Fakultetet kan tilby ein interessant og krevjande stilling i eit miljø med høgt aktivitetsnivå, faglige utfordringar og gode samarbeidsforhold.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Aashild Grana på tlf. + 47 – 55 58 73 00.

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    28. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    147915
  • Omfang
    Fast 20%
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger