Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Tekst: Skap relevans. Vær utforskende

Postdoktor i oseanografi/paleoklima

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som postdoktor innan oseanografi/paleoklima. Stillinga er for ein periode på 3 år og er knytt til prosjektet, ice2ice. Prosjektet er finansiert av Det europeiske forskningsrådet og vert gjennomført i samarbeid med Bjerknessenteret for klimaforskning.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

  • ice2ice (Arctic Sea Ice and Greenland Ice Sheet Sensitivity) er finansiert igjennom Synergy-programmet til ERC og er eit samarbeid mellom Universitet i Bergen, UniResearch, Universitetet i København (Senter for is og klima) og det Danske Meteorologiske institutt.
  • Hovudformålet med ice2ice er å auke vår forståing av hurtige endringar i arktisk havis og effekten av disse på arktisk klima samt iskappen på Grønland.
  • Stillinga vil ha fokus på oseanografi og modellering av endringar i sirkulasjonen og havis i Arktis.
  • Arbeidet vil bidra til forståinga av den rolla endringar i Arktisk sjøis har spilt under tidlegare klimaforhold samt under eit framtidig varmt klima.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor fysisk oseanografi/klimadynamikk eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha erfaring frå oseanografi og paleoseanografi samt relevant erfaring i bruk av numeriske klimamodeller, klima og proxy data.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar. 

Særeigne krav for stillinga er at kandidaten skal kunne formidle forskinga til eit norsk publikum. 

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er i utgangspunktet tre år. Om den som vert tilsett manglar undervisingserfaring, kan det verte aktuelt å auke åremålsperioden, til dømes til tre år og tre månader, der dei ekstra månadene vert finansiert av instituttet. Undervising og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med prosjektleiar utarbeide ein plan for kvalifiserings-arbeidet, inkludert framdriftsplan.

 

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. 

 

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 490 500,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar 

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Professor Kerim Hestnes Nisancioglu, +47 55 58 98 66 / kerim@uib.no 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    27. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    147904
  • Intern-ID
    17/444
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger