Tekst: Skap relevans. Vær utforskende

Kommunikasjonsdirektør

Universitetet i Bergen er eit leiande og samfunnsengasjert universitet, synleg og med påverknad nasjonalt og internasjonalt. Vi søkjer etter kommunikasjonsdirektør med ansvar for å vidareutvikle UiB som ein viktig premissleverandør i utforminga av framtidas kunnskapssamfunn.

 

Kommunikasjonsdirektøren får ansvar for å leie og utvikle UiBs interne og eksterne kommunikasjon og inngår i Universitetsdirektøren si leiargruppe.

 

Vi søkjer etter ein visjonær og strategisk direktør som skal støtte universitetsleiinga og avdelingane i kommunikasjonsfaglege spørsmål. Direktøren skal gjennom tydeleg profilering bidra til at UiB blir ein synlig kunnskapsaktør nasjonalt og internasjonalt.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Overordna ansvar for UiB sitt eksterne og interne kommunikasjonsarbeid
  • Leie arbeidet med å profilere og bygge omdømmet til UiB
  • Leie Kommunikasjonsavdelinga og legge til rette for kompetanseutvikling for medarbeidarane
  • Støtte UiB sine forskings- og utdanningspolitiske merkesaker
  • Støtte universitetsleiinga og avdelingane i strategiske og kommunikasjonsfaglige spørsmål
  • Redaktøransvar for universitetet sine eigne kanalar

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare utdanning frå universitet eller høgskule
  • Brei samfunnsinnsikt og kunnskap om offentleg sektor
  • Sterk motivasjon til å vidareutvikle UiB
  • Motiverande leiarstil med vekt på samarbeid og dialog
  • Solid erfaring med kommunikasjon som strategisk endringsverktøy
  • Dokumenterbare resultat og erfaring innan strategisk kommunikasjon
  • God innsikt i trendar og utvikling i medielandskapet og kommunikasjonsbransjen
  • Erfaring med målstyring, og budsjett- og resultatansvar

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter nærare avtale ( stillinga er plassert i kode 1060)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

 

For ytterlegere informasjon, kontakt universitetsdirektør Kjell Bernstrøm, tlf. 957 70 062, eller ass. universitetsdirektør Tore Tungodden tlf. 975 57 140.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknadsfrist: 28.02.2018

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    28. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Kommunikasjonsavdelinga
  • Jobbnorge-ID
    147899
  • Intern-ID
    18/2085
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger