Universitetet i Bergen

Universitetsmuseet i Bergen

Tekst: Skap relevans. Vær utforskende

Anleggsgartnar/gartnar - Vikariat

Ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for naturhistorie, er det frå og med 1. april 2018 eller etter avtale ledig eit 12 månaders vikariat i stilling som gartnar (100 % stilling som forskingsteknikar) ved Arboretet og dei botaniske hagane. Vikariatet kan verte forlenga.

 

Arboretet og dei botaniske hagane inneheld tre ulike hageanlegg: Muséhagen som ligg i Bergen sentrum og Arboretet og Botanisk hage som ligg på Milde 20 km lengre sør. Samlingane i Arboretet og Botanisk hage omfattar om lag 5.000 planteartar og –kultivarar. Dei levande plantesamlingane vert brukte i forsking, formidling, undervising og rekreasjon. Her vert formidla kunnskap om planter og plantemangfald og behova for at mangfaldet vert teke vare på. Alle hagane er godt lagt til rette for publikum med vegar og stiar, og dei er godt besøkte gjennom heile året. Du kan lese meir om seksjonen og verksemda på http://www.uib.no/arboretet.

 

Vikariatet er ved Botanisk hage på Milde.

 

Arbeidsoppgåver: 

  • Delta i dagleg drift og vedlikehald av Botanisk hage.
  • Opparbeide og vedlikehalde areal for utstillingar og forsøk.
  • Registrere og fylgje opp planteinformasjon.
  • Halde seg oppdatert i faglege spørsmål.
  • Informasjonsarbeid i direkte møte med publikum.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar: 

  • Fullført anleggsgartnar-/ gartnarutdanning. Personar med annan utdanningsbakgrunn og med relevant arbeidserfaring kan også søkje.
  • God teknisk forståing og interesse.
  • Interessert i- og har arbeidserfaring med maskiner.
  • Bruke data som arbeidsverktøy.
  • God plantekunnskap og stor planteinteresse.
  • Erfaring med vedlikehald av planter og grøntområde.
  • God helse, arbeidsoppgåvene kan til dels vere tunge og føregår ute heile året.
  • Førarkort for bil, det er ein fordel med førarkort for traktor og andre maskiner.
  • Språk: må meistre norsk/ skandinavisk munnleg/ skriftleg og/eller engelsk.
  • Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø.

I vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi søkjer etter ein person som er:  


  • Positiv, ansvarsfull og nøyaktig
  • Praktisk og teoretisk anlagt
  • God på samarbeid
  • Sjølvstendig når det er aktuelt
  • Arbeidsam og løysingsorientert
  • Interessert i å ta i bruk ny teknologi

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø, til tider hektisk, i særdeles vakre omgjevnader.
  • Løn som forskingsteknikar (kode 1512) i lønssteg 35 - 48 (for tida kr 352.900 – 423.200), i det statlege lønsregulativet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til overgartnar Mladen Golubovic tlf. 94878859 eller driftsleiar Bodil Oma tlf. 41641197.

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

Søknadsfrist:  28.02.2018

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    28. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Arboretet og dei botaniske hagane
  • Jobbnorge-ID
    147894
  • Intern-ID
    18/1339
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger