Universitetet i Bergen

Klinisk institutt 2

Bli med å skape fremragende forskning

Postdoktor (3 år)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei 100 % stilling som postdoktor for ein periode på tre (3) år.

 

Stillinga er knytt til prosjektet Discovery of protective factors from diabetes complications using targeted patient-derived cell approach”. Stillinga er lokalisert ved KG Jebsen Senter for diabetesforskning (http://www.uib.no/en/diabets ),og er finansiert av Universitetet i Bergen og Bergen forskningsstiftelse.

 

Prosjekt

Land i Nord Europa har høgast førekomst og prevalens av type 1-diabetes i verden. Pasientar med diabetes har alvorleg redusert livskvalitet og faglege funksjonshemmingar på grunn av økt risiko for makro- (kranskärlssykdom) og mikrovaskulær (nephropati, neuropati og retinopati) komplikasjonar. Hovudfokus for prosjektet er å løyse nevron-relaterte molekylære mekanismar som er ansvarlege for å beskytte eller gje aukande risiko for retinal eller nyreskade hos pasientar med diabetes. Vi ser etter ein erfaren og dyktig cellekulturforskar med molekylærbiologisk bakgrunn, spesielt erfaren og dyktig i neuronal cellekultur. Kandidaten vil ha ansvar for å designe og utvikle metodar for in vitro-eksperiment på primære celler avleia frå pasientar med og utan diabetiske komplikasjonar som involverer glukose-, lipid- og aminosyremetabolisme. Arbeidet vil innebere utforming og gjennomføring av farmakologisk inngrep av dei beskyttande mekanismane til nye biomarkørar ved bruk av dyr og humane cellekulturmodellar. Kandidaten vil arbeida i eit internasjonalt forskingsmiljø innan studiar av diabetes ved KG Jebsen senter for diabetesforsking og i samarbeid med Lund Universitet, Sverige.

 

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til prosjektleiar, Professor Valeriya Lyssenko, e-post: Valeriya.Lyssenko@uib.no , telefon: +46 73 042 73 52

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjar må ha relevant norsk doktorgrad eller tilsvarande utanlandsk utdanning, eller ha levert doktoravhandlinga til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad for tilsetjing at avhandlinga er godkjend.
  • Kandidaten må ha vitskaplege kvalifikasjonar innan  molekylærbiologi laboratoriearbeid, inkludert metodeutvikling og feilsøking, arbeider med primære nevronceller og cellelinjer, og også fortrinnsvis retinalkulturar
  • Erfaring frå erfaring med å designe humane cellekulturforsøk som involverer glukose, lipid og aminosyre (nevrotransmittere) metabolisme forsking vil og bli tillagt stor vekt
  • Kandidaten må ha erfaring med rettleiing, undervisning, og utarbeiding av prosjektsøknadar
  • Evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
  • Kandidaten må vere motivert og ansvarsmedviten, ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk.
  • Det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid

 

Vi kan tilby

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan diabetesforsking og genomikk.
  • Løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24.1) for tida kr 490 000, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida 508 800, med spesialistutdanning lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24.5) for tida 527 500, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida: http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

 

Om postdoktor stillingar
Føremålet med stillingane er vitskapleg kompetansebygging gjennom ei vidareføring av forskingsarbeid til eit høgare nivå enn det som er mogleg innafor eit ordinært doktorgradsprogram. Stillingane har som hovudmål å kvalifisere dei som vert tilsette for arbeid i faglege toppstillingar.

 

Det er eit mål at tilsetjingsperioden skal gjennomførast som eit samanhengande forskingsprogram. Det vert vanlegvis ikkje gjeve permisjon for andre føremål enn det som er fastlagt ved lov.

 

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet. Framlegget utarbeidas i samarbeid med prosjektleiar/leiar og skal også innehalde ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Den tilsette kan bli pålagt opp til 25 % pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

 

Postdoktorstillingar er åremålsstillingar. Du kan ikkje tilsetjast i meir enn ein periode som postdoktor ved UiB. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

 

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Vi gjer deg difor merksam på at opplysningar om deg som søkjar kan gjerast offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert du varsla om dette.

 

Slik søkjer du stillinga

Send søknad som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

 

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du skriv noko om din motivasjon for stillinga og kvifor du søkjer
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonsliste
  • vitskaplege arbeid (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

 

Me gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

 

Søknadar på e-post vil ikkje verte vurderte.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    4. mars 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    147856
  • Intern-ID
    18/1733
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger