Universitetet i Bergen

Institutt for biomedisin

Bli med å skape fremragende forskning

Senioringeniør ved Institutt for biomedisin

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin er det ledig ei 100 % fast stilling som senioringeniør. Stillinga er finansiert av eksterne midlar. Ved oppstart er stillinga finansiert av følgjande prosjekt: ERC Consolidator Grant ‘Discovery and functional significance of post-translational N-terminal acetylation’ knytt til Arnesen lab og forskingsgruppa Translasjonell Cellesignalering og Metabolisme.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegging, gjennomføring og analyse av eksperimentelt arbeid innan forsking på post-translasjonell N-terminal acetylering knytt til ERC-prosjektet. Til dette trengst både standard og avanserte metodar innan cellebiologi og molekylærbiologi. Det vil verte både sjølvstendig forskingssarbeid og arbeid for andre deltakarar i ERC-prosjektet.   
  • Rettleiing av studentar.
  • Ansvar for dagleg oppfølging av laboratorieaktivitetar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha ph.d. grad innanfor relevant fagområde (molekylærbiologi eller biokjemi).
  • Omfattande og relevant praksis innan følgjande modellsystem er eit krav i) mammalske cellelinjer, og ii) gjær (Saccharomyces cerevisiae).
  • Arbeidsrøynsle med ansvar for drift av eit molekylærbiologisk laboratorium er eit krav.
  • Publiserte arbeid innan feltet proteinmodifiseringer er eit krav.
  • Røynsle med laboratorierettleiing av studentar er eit føremon.
  • Det vert satt krav om gode språkkunnskapar både i engelsk og norsk og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verte vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som senioringeniør (kode 1181) i lønssteg 58-62 (for tida kr 499 600 - 537 700). For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som senioringeniør:

  • Senioringeniøren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyre innunder
  • Lønnsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • Instituttleiar kan pålegge senioringeniøren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Grunnlaget for stillinga opphøyre dersom prosjektfinansieringa opphøyre, og ny lov om statens ansatte mv. om oppsigelse og fortrinnsrett vil verte gjeldande

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Thomas Arnesen, Institutt for Biomedisin, e-mail: thomas.arnesen@uib.no 

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

 

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • oversikt over laboratorieansvar du har hatt (type laboratorium, str., tidsperiode etc)
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

 

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

 

Søknadar på e-post vil ikkje verte vurderte.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    25. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    147829
  • Intern-ID
    18/2010
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger