Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Tekst: Skap relevans. Vær utforskende

Postdoktor i uran-seriedateringsteknikk og arkeometri

 

Ved SapienCE senter for fremragende forskning og Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som postdoktor innan uran-seriedatering og bruk av denne metoden på arkeologiske avsetningar i grotter. Kandidaten som vert tilsett vil ha ansvar for å utføre uran-seriedateringar i arkeologiske lokalitetar og i nærliggjande grotter i Sør-Afrika. Stillinga er for ein periode på 4 år. 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

 

Centre for Early Sapiens Behaviour (SapienCE) er eit nytt Senter for fremragande forskning (SFF) ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) ved Universitetet i Bergen (UiB), finansiert av forskingsrådet. Senteret si målsetnad er å konsolidere UiB og Noreg sin posisjon som verdsleiande innan forsking på det tidlege mennesket sitt opphav. Senteret kombinerer ekspertise frå arkeologi, psykologi, nevrofysiologi, klimatologi og geokronologi som samla vil kunne klarleggje Homo Sapiens si kognitive utvikling gjennom tid og klimatiske endringar. Dei to sentrale kronologiske verktøyane som er tilgjengelige er optisk stimulert luminescens (OSL) og uran-seriedateringsteknikkar. Difor vil uran-serielaboratoriet og ICP-MS-laboratoriet ved Institutt for geovitenskap ha ei sentral rolle i å tidfeste arkeologiske og klimatiske hendingar på ein robust tidsskala. Postdoktoren sitt arbeid vil primært vere knytt til desse laboratoria.

 

Stillinga vil omfatte

  • feltarbeid i grotter og i arkeologiske avsetningar

  • driftsansvar for U-serieprepareringslab og ICP-MS-applikasjonane

  • generering av uran-seriedateringar

  • rettleiing av studentar

  • gjennomføre forbetringar i teknikkane og deira bruk på arkeologiske og miljømessige problem 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

 

Søkjarar må

  • ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor anvendt geokronologi eller arkeometri eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • ha dokumentert og relevant erfaring frå forskingsarbeid innan uran-seriegeokronologi på grotteavsetningar
  • ha dokumentert erfaring og teknisk ferdighet i bruk av ICP-MS (PIMS)-målingar av U-serieisotopar på speleothemar og karbonatsement ("calcrete"), fortrinnsvis på et NU Plasma-instrument
  • ha erfaring med å betre kjemiske metodar og massespektrometrimetodar
  • kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg 

Ønskeleg

  • Dokumentert ferdighet i å nytte laserablasjon ICP-MS for Pb-U-datering av kvartært materiale 

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Særeigne krav for stillinga er at feltarbeidet er fysisk anstrengande og skal gå føre seg i grotter, så dokumentert erfaring med å klatre i grotter er ein føremon.

 

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For tida utgjer dette kr. 490 500,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet

  • medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar 

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

  • relevante attestar

  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Stein-Erik Lauritzen, Institutt for geovitenskap, telefon + 47 5558 3508, e-post stein.lauritzen@geo.uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    2. mars 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    147765
  • Intern-ID
    18/544
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger