Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Tekst: Skap relevans. Vær utforskende

Postdoktor i mikrobiell dynamikk og funksjoner i den djupe biosfære

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som postdoktor innan geomikrobiologi og funksjoner i den djupe biosfære. Stillinga, som er finansiert av Bergens forskningsstiftelse, er for ein periode på 3 år. Den er knytt til K. G. Jebsen-senter for dyphavsforskning og er ein del av prosjektet ”Unveiling the deep biosphere – from empirical observation to process quantification”.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Prosjektet har til hensikt å auke vår forståing for det dynamiske samspelet mellom aktive mikrobielle samfunn og geokjemien i undersjøiske miljø, med hovudfokus på marine sedimenter. Progresjon på dette området avheng mellom anna av å kunne avdekke mikrobielle nøkkelgrupper si fysiologi og å kvantifisere koplinga mellom geokjemi, mikrobiell aktivitet og populasjonsdynamikk. Prosjektet søkjer å framme vår forståing gjennom å 1) avdekke fysiologien til ikkje-karakteriserte taksonomiske grupper 2) nytte prosesspredikasjonar som bind mikrobiell aktivitet til biogeokjemiske syklusar. Ein viktig komponent i dette er etablering av ein laboratoriefasilitet som legg til rette for kultivering, manipulering og overvaking av miljøprøvar, og dermed muliggjer observasjonar av mikrobiell respons på eksterne endringar.

Vi søkjar ein kandidat med erfaring med mikrobiell dyrking og mikrobiell genomikk, gjerne med bakgrunn i den djupe biosfære.

 

Primære arbeidsoppgåver inkluderer

  • etablering av ex situ-sedimentkjernelaboratorium
  • genom-rekonstruksjon i samarbeide med forskarar frå Uppsala Universitet. Det kan difor verte aktuelt med eit eller fleire kortare opphald ved dette universitetet.
  • geokjemisk og molekylær dataanalyse og fortolking
  • undervising og rettleiing av masterstudentar 

Kandidaten vil vere ein del av ein tverrfagleg forskingsgruppe, og vil samarbeide med mikrobiologar, bioinformatikar, geokjemikare og matematikarar.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innan mikrobiell økologi, populasjonsdynamikk eller andre relevante emne, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med mikrobiell dyrking er ein føremon.
  • Erfaring med analyse av store mengde data ifrå DNA-sekvensiering er eit krav, inkludert data frå tag-sekvensiering og/eller miljømessig metagenomdata.
  • Erfaring med virologi, mikrobiell samfunnsdynamikk og redoks-geokemi er ein føremon.
  • Må vise interesse for tverrfagleg samarbeid
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må ha gode evner når det gjeld å drive forskingsformidling og difor er norskkunnskapar ein føremon. 

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane. 

 

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Om den som vert tilsett manglar undervisingserfaring, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til tre år og (til dømes) tre månader, der dei ekstra månadene vert finansiert av instituttet. Undervising og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga.  Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar.

 

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For tida utgjer dette kr. 490 500,-. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar 

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Forskar Steffen Leth Jørgensen, tlf. +47 55 58 38 60, e-mail Steffen.Jorgensen@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    23. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    147763
  • Intern-ID
    18/201
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger