Universitetet i Bergen

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultets sekretariat

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen

Controller (seniorkonsulent)


Ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er det ledig ei stilling som controller (seniorkonsulent). Stillinga inngår i ei økonomiseksjon på 23 medarbeidarar.

Økonomiseksjonen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MN-fakultetet) har 23 medarbeidarar fordeltto noder, Realfagbygget og Marineholmen, og er delt inn i tre temagrupper; totaløkonomi, generell økonomi og prosjektøkonomi. Oppgåva er å levere økonomitenestar og –støtte til fakultetet og alle institutt og sentre knytt til fakultetet.

Til seksjonen ynskjer vi å rekruttere ein controller (seniorkonsulent). Controlleren vil vere knytt til noden i Realfagbygget og temagruppa totaløkonomi. Som controller vil du jobbe tett på fakultet og institutt med forsking og utdanning i eit mangfaldig og internasjonalt miljø.

Eit av dei viktigaste måla ved Økonomiseksjonen, er å sikre gode og rettidige leveransar til alle instituttleiarar, administrasjonssjefar og fakultetet, og bidra med service som kan hjelpe den einskilde med støtte til avgjerd og økonomistyring. Det er eit uttalt mål at vi ynskjer at eininga skal vere rigga for framtidige utfordringar og konkurransesituasjonen MN-fakultetet er i. I dette ligg at det fortløpande byggjast kompetanse om noverande og potensielle bidragsytarar.


Vi søkjer ein sjølvstendig, strukturert og omgjengeleg medarbeidar med god økonomiforståing. Som tilsett vil du varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan økonomifeltet og du rapporterer til nodeleder.

 

Døme på arbeidsoppgåver som vert definerte under feltet totaløkonomi:

  • Rapportering og rådgiving til institutt
  • Prognosearbeid
  • Detaljbudsjettering/re-budsjettering
  • Avstemmingar
  • Statistikk og analysearbeid
  • Økonomifaglig rettleiing
  • Kvalitetskontroll
  • Vidare utvikling av noden og seksjonen

Utviklingsarbeid og fagleg oppdatering er ein naturleg del av stillinga, og stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av eininga sitt kontinuerlege utviklingsarbeid.

 

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning på masternivå med relevante fag
  • Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • God administrativ IT-kompetanse,særskilt innan Excel
  • Kjennskap til og erfaring frå universitetssystem eller annan høgare utdanning/forvaltning er òg ein føremon
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheitar i norsk og engelsk

Personlege eigenskapar:

  • Du må ha interesse fortal og ha god økonomiforståing
  • Analytiske eigenskapar og nødvendig presisjon i arbeidet
  • Trivast med endring og det å ha mange jarn i elden
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar innan eige ansvarsområde
  • Initiativrik i høve til nye arbeidsmåtar, system og rutinar
  • Serviceinnstilt, resultat- og løysingsorientert

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

 

Vi kan tilby:

  • Eit spanande og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Kompetanse- og karriereutvikling. Gode interne kurstilbod innan økonomi og prosjektadministrasjon
  • Løn som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 57-64 etter tenesteansiennitet og kvalifikasjonar (for tida kr 490.500 – kr 558.500)
  • For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn
  • Fleksibel arbeidstid og pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

 Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby:http://www.uib.no/poa/karriere-ved-uib

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein ved å vende seg til nodeleder Hanne Litleskare Hammer, e-post hanne.litleskare.hammer@uib.no, tlf. 55 58 27 62.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke tilfølgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Send søknad, CV, kopi av vitnemål og attestar elektronisk ved å klikke på knappen merka:

«SØK STILLINGEN» på denne sida.

 

Søknadar sende på e-post vil ikkje verte vurderte.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    22. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    147750
  • Intern-ID
    2018/1923
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger