Universitetet i Bergen

Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologisk forskning

UNIVERSITETET I BERGEN (UiB) er eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet med over 14 000 studentar og vel 3500 tilsette ved seks fakultet og Universitetsmuseet. Universitetet er lokalisert midt i hjartet av Bergen. Det viktigaste bidraget universitetet gjev til samfunnet er framifrå grunnforsking og utdanning med ei stor fagleg breidd. 

Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologisk forsking (Sarssenteret) held til på Marine­holmen campus saman med biofaglege miljø knytt til Universitetet og andre forskingsinstitusjonar. Senteret er partnar med det europeiske molekylærbiologiske laboratorium (EMBL) og har som følgje av det ei sjølvstendig rolle direkte underlagt UiBs rektor og den sentrale administra­sjonen.

 

Kommunikasjonskonsulent (Førstekonsulent, kode 1408) ved Sarssenteret

Ei fast stilling som kommunikasjonskonsulent (Førstekonsulent, kode 1408) er ledig i Sarssenteret sin administrasjon frå april 2018. Dei administrativt tilsette ved Sarssenteret tilbyr generell kontorfagleg og administrativ støtte, inkludert økonomiske-, personal- og HMS-tenester for senteret si leiing, forskarar og studentar. I dag har senteret omtrent 70 tilsette og gjester totalt. Sarssenteret høyrer til Universitetet i Bergen og er partner med The European Molecular Biology Laboratory (EMBL) www.embl.de/.

Arbeidsoppgåver:

  • Hjelp til å implementere kommunikasjonsstrategier ved Sarssenteret
  • Produsere materiale som vil framheve senterets aktivitetar og auke senterets medvit innan Universitetssystema og ut mot allmennheita
  • Utvikling av innhaldet på Sarssenteret si webside og på sosiale media
  • Produksjon av videoar som forklarar Sars sin vitskap og forsking
  • Skriving av populariserte artiklar og presentasjonar relatert til Sars si forsking
  • Organisere utetterretta verksemdinitiativ med unge menneske som målgruppe og eit vidt publikum
  • Produksjon av Sarssenterets årlige rapport
  • Administrative tilleggsoppgåver kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonar:

  • Bachelorgrad innan relevant fagområde. Lang og relevant arbeidserfaring kan i nokon tilfelle kompensere for mangel på formell utdanning
  • Bakgrunn innan molekylærbiologi og erfaring med vitskapeleg skriving
  • Relevant arbeidserfaring med kommunikasjon og utetterretta arbeid
  • Kjennskap til Adobe Photoshop og administrative it-system er eit føremon
  • Det er eit føremon med kjennskap til internasjonal forskings- og utdanningssektor
  • Flytande i engelsk og norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege kvalifikasjonar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk og prioritere oppgåver for å levere arbeid innan fristen
  • Evne til å kommunisere, samhandle og arbeide effektivt og i samarbeid med vitskapelige tilsette med ulike nasjonalitetar og utdanningsbakgrunn
  • Når vi evaluerer kandidatar vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga

Vi kan tilby:

  • Eit godt og profesjonelt utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som førstekonsulent, kode 1408 etter lønnssteg 44-53, lønnsramme 21, etter ansiennitet og kvalifikasjonar (for tida utgjer dette frå kr 398.100-459.100)
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdstilbod

Søknad på engelsk eller norsk:

Send søknad elektronisk via JobbNorge “Søk stillingen/apply for this job”.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din bakgrunn og motivasjon for stillinga
  • CV
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar

Søknad og vedlegg med sertifiserte omsettingar til engelsk eller norsk må lastast opp i JobbNorge. Vi gjer merksam på at søknadar vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søknadar på e-post vil ikkje verte vurderte.

Søknadsfrist: 02. mars 2018

Intervju vil bli heldt på norsk og engelsk.

Generell informasjon:

Utfyllande informasjon om stillinga kan ein få ved å kontakte administrasjonssjef Carol Bruce, tlf.: +47 55584360 , e-post Carol.Bruce@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    2. mars 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    147668
  • Intern-ID
    2018/1654 - Bruce
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger