Universitetet i Bergen

Kjemisk institutt

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen

Postdoktor i organisk kjemi/biodrivstoff

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor innan organisk kjemi, spesifikt produksjon av bio-olje og fornybare kjemikaliar. Stillinga er for ein periode på 4 år og knytt til interne og eksterne prosjekt innan biodrivstoff og bioøkonomi. 25 % av samla tilsetjingstid er avsett til arbeidsoppgåver ved instituttet utover forskning, i hovudsak undervisningsoppgåver.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

  • Postdoktoren vil forske innanfor rammene av fleire prosjekt på termokjemisk omdanning av biomasse for produksjon av biodrivstoff, energiberarar og kjemikaliar. Dette inkluderer prosjekt med fokus på omdanning av lignin til aromatiske sambindingar og flydrivstoff, optimering og attvinning av furfural og andre høgverdi kjemikaliar under dampeksplosjon av trevyrke og utvikling av nye bioraffineriprosjekt basert på lignocellulose som råstoff.
  • Forskinga vil hovudsakleg nytte hydrotermal omdanning (HTL) av biomassar til olje under ulike tilhøve. Analyse av produkta vil vere basert på kromatografi og NMR, og spesielt innan NMR vil utvikling av nye prosedyrar for rask kvantifisering av hovudkomponentar i væskefasar frå omdanning av biomasse vere eit hovudfokus. Vidare vil betre fraksjonering av trevyrke for optimal utnytting til drivstoff og kjemikaliar vere ei overordna problemstilling.
  • Stillinga er tillagt undervisningsoppgåver innan dei studieprogramma som instituttet er engasjert i. Vidare kan det inngå rettleiing av studentar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor kjemi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Røynsle frå termokjemisk omdanning av trevyrke eller trevyrkefraksjonar ved HTL er eit krav.
  • Røynsle frå analyse av petroleum eller bioolje ved kromatografi – (GC og GC-MS) er eit krav.
  • Røynsle med NMR som metode for karakterisering av blandingar av organiske stoff, er sterkt ønskeleg.
  • Praktisk røynsle med fraksjonering av lignocellulose er ein føremon.
  • Røynsle med organosolv fraksjonering av biomasse for produksjon av lignin er ein føremon.
  • Røynsle med dampeksplosjon av trevyrke er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.


Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett, for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Kandidaten vil ha undervisningsplikt og må kunne delta i undervisning innanfor instituttet sin undervisningsportefølje. Undervisning blir gitt på norsk på aktuelle grunnkurs, så eit tilstrekkeleg språkgrunnlag er ein føremon.


Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 490 500 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskningsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Tanja Barth, Kjemisk institutt, +47 55 58 34 83.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    22. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    147666
  • Intern-ID
    18/1428
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger