Høgskulen på Vestlandet (HVL) er en av de største høgskolene i landet, med om lag 1 800 ansatte og 16 000 studenter fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innen helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærerutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanninger.

HVL skal være tett på arbeidslivet, regionen og studentene, og har ambisjoner om å bli et universitet med profesjons- og arbeidslivsrettet profil.

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i arealplanlegging / landskapsarkitektur

Høgskulen på Vestlandet søkjer arealplanleggar eller landskapsarkitekt i fast 100% stilling. Stillinga er knytt til Fakultet for ingeniør og naturvitskap ved Institutt for miljø- og naturvitskap, arbeidsstad i Sogndal.

Instituttet tilbyr bachelorutdanningar i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, Geologi og geofare, og Fornybar energi og masterutdanning i Climate Change Management. Instituttet har eit tverrfagleg og internasjonalt fagmiljø med tilsette frå 12 nasjonar fordelt på fagområda; geologi, økologi, teknologi, planlegging og samfunnsvitskap.

Vi kan tilby deg ein utfordrande jobb i eit stimulerande fagmiljø.

 

Arbeids- og ansvarsområde

Arbeidsoppgåvene er knytt til undervisning i planfag, forvaltningsfag, og landskapsarkitekturfag, og rettleiing på bachelor- og masteroppgåver. I stillinga skal det gjennomførast forskings- og utviklingsarbeid, inkludert prosjektarbeid, på problemstillingar med relevans for fagområde ein underviser innafor.

 

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett i stillinga må ha utdanning som arealplanleggar, landskapsarkitekt eller tilsvarende.


For tilsetjing som førsteamanuensis er kravet doktorgrad eller vitskapeleg kompetanse på tilsvarande nivå. For tilsetjing som førstelektor er krava kvalifikasjonar som samla er på nivå med førsteamanuensis, men vurderinga byggjer på eit breiare grunnlag. For tilsetjing som høgskulelektor er kravet hovudfag/mastergrad frå universitet eller høgskule.


Ved tilsetting vert det lagt vekt på formell kompetanse, relevant arbeids- og undervisningserfaring, og erfaring frå forskings- og utgreiingsarbeid. Vi søkjer ein person med interesse for undervisning og forsking/formidling, og som trivst med å arbeide i faggrupper og på prosjekt. Interesse for økologi og kunnskap om klimatilpassing i arealplanlegging vil telje positivt.

 

Det vert krevd relevant pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing.

 

Søkjarar som ikkje meistrar skandinavisk språk ved tilsetjingstidspunktet må forplikte seg til å meistre norsk innan to år. Dersom den som blir tilsett ikkje har formell praktisk pedagogisk kompetanse, må vedkomande delta på kurs i høgskulepedagogikk innan to år frå tilsettingsdato.

 

Søk på stillinga 

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk denne stillinga»” på denne sida.

Som vedlegg til søknaden må søkarar også laste opp dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.) dei ønskjer å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Søkarar bør nemne dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga.

 

Søknaden må også innehalde oversikt over vedlegg som dokumenterer søkjarens pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

 

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

 

Søkjarar til stillingane vil bli vurderte og rangerte av eit sakkunnig utval. Aktuelle kandidatar til stillingane vil bli innkalla til intervju og bedne om å halde prøveforelesing.

 

Lønnsvilkår 

Førsteamanuensis vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1011.

Førstelektor vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1198.

Høgskulelektor vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1008.


Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

 

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.


Opplysingar om søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkjar bli varsla om dette.

 

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.


Hjemmeside


Kontaktperson
Instituttleiar Tarald Seldal 57 67 62 40, e-post: tarald.seldal@hvl.no

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    25. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen på Vestlandet
  • Nettside
  • Kommune
    Sogndal
  • Arbeidssted
    Campus Sogndal
  • Jobbnorge-ID
    147564
  • Intern-ID
    18/01210
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger