Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen

Overingeniør

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei fast stilling som overingeniør.

 

Arbeidsoppgåver

 

Detektoren til ATLAS-eksperimentet ved CERN skal gjennomgå ei omfattande oppgradering.

 

Dei indre delane til detektoren skal skiftast ut, og erstattast med ein heilt ny spordetektor (kalla ITk, Inner Tracker) med modular beståande av  sensorar i silisium i ulik utforming. I samarbeid med Universitetet i Oslo deltek vi i utprøving av strålingsharde piksel sensorar (m.a. utvikla ved SINTEF MiNaLAb). I ITk vert det planlagt  å bruka modular konstruert ved bruk av denne typen sensorar. Vi har òg nyleg byrje å bidra til utvikling av utlesningselektronikk for pikselssensorane, eit arbeid som er organisert gjennom ‘RD53’ kollaborasjonen ved CERN.

 

Her vil vi bidra med verifikasjon av kretsutlegget og utprøving av fysiske prototypar. Vi ynskjer òg å kunna gje bidrag til utforming av den endelege kretsen, noko som krev kjennskap til ASIC designverktøy. Vidare planlegg vi å utprøva og kvalitetsikra sensormodular før leveranse til ITk, noko som krev betydeleg oppgradering av laboratoria våre.

 

Arbeidsoppgåvene til overingeniøren vil knytast til alle delar av den planlagde aktiviteten. Overingenøren vil ta ansvar for ein del av oppgåvene, i nært samarbeid  med vitskapleg og teknisk personell ved IFT, og personell frå Universitetet i Oslo, den næraste samarbeidspartnaren vår. Prosjektet vil utførast innanfor eit internasjonalt miljø, med samarbeid med mange forskingsgrupper grupper. Overingeniøren må difor rekne med reising i samband med prosjektmøte og testkampanjar.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha høgare utdanning, universitetseksamen (cand.scient./ master) eller sivilingeniøreksamen innanfor eksperimentalfysikk, instrumentering eller elektronikk. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.

  • Erfaring med bruk og utprøving av elektroniske kretser, og utvikling av kretskort for dette føremålet er ein føresetnad.

  • Kjennskap til programmeringsverktøy (som VHDL og Verilog) for utvikling av mikroelektronikk og programmerbare logiske kretsar (FPGA) er ein fordel.

  • Kjennskap til deteksjon av ioniserande stråling, spesielt ved bruk av silisiumsensorar er òg en klar fordel.

  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner

  • Gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, er ein føresetnad for stillinga.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-60 (for tida kr 459 100 – 517 700) i det statlege lønsregulativet. For særskilt godt kvalifiserte, kan høgare lønn vurderast.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Bjarne Stugu, e-post Bjarne.Stugu@uib.no ved Institutt for fysikk og teknologi.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrar-bakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    22. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    147560
  • Intern-ID
    2018/954
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger