Universitetet i Bergen

Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologisk forskning

UNIVERSITETET I BERGEN (UiB) er eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet med over 14 000 studentar og vel 3500 tilsette ved seks fakultet og Universitetsmuseet. Universitetet er lokalisert midt i hjartet av Bergen. Det viktigaste bidraget universitetet gjev til samfunnet er framifrå grunnforsking og utdanning med ei stor fagleg breidd.

Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologisk forsking (Sarssenteret) held til på Marine­holmen campus saman med biofaglege miljø knytt til Universitetet og andre forskingsinstitusjonar. Senteret er partnar med det europeiske molekylærbiologiske laboratorium (EMBL) og har som følgje av det ei sjølvstendig rolle direkte underlagt UiBs rektor og den sentrale administra­sjonen. 

Midlertidig laboratorieteknikarstilling (kode 1085)

Ved Sarssenteret (www.sars.no) er det ledig ei 2-årlig stilling som laboratorieteknikar i forskergruppa til Dr. Pawel Burkhardt frå mars 2018. Arbeid i gruppa fokuserer på det evolusjonære opphavet til synapser og nevronar, ved og bruke choanoflagellates svampar og ctenophores som hovudmodellsystem. Sarssenteret høyrer til Universitetet i Bergen og er partner med The European Molecular Biology Laboratory (EMBL) www.embl.de/.

Arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett vil bli integrert i styringa av forskingsprosjekt og opplærd av og arbeide i nært samarbeid med gruppemedlemmar. Hovudoppgåver inkluderer biokjemisk og biofysisk karakterisering av choanoflagellate synaptic protein-homologs, krystallisering av disse proteina, bildebehandling av levende og faste choanoflagellater ved bruk av bright-field og konfokal mikroskopi og daglig kultivering av choanoflagellater. Den tilsette rapporterer til gruppeleiar. Arbeidsspråket er engelsk og norsk.

Kvalifikasjonar:

  • Søkarar må minimum ha ei relevant vitskapeleg utdanning på bachelornivå. Utfyllande og relevant praksis kombinert med relevant formell opplæring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Rutineerfaring med standard molekylær- og cellulærbiologiske teknikkar er eit krav
  • Kompetanse i proteinuttrykk og proteinreinsing ved bruk av affinitet og ion-exchange kromatografi er nødvendig
  • Praktisk erfaring med ulike bildebehandlingsteknikkar, for eksempel bright-field, DIC, phase and fluorescence konfokal mikroskopi er forventa
  • Tidligere arbeid med choanoflagellater (starter kulturer fra frosne lager, bestemmelse av cellers tetthet, kulturvedlikehold, koloniinduksjon) er ein stor fordel
  • Søkarar må kunne kommunisere flytande (munnleg og skriftleg) på engelsk.
  • Personlege eigeskapar som medfører konstruktiv interaksjon med gruppemedlemmer er viktig

Vi kan tilby:

  • Ein utfordrande stilling med varierte arbeidsoppgåver i eit internasjonalt anerkjent forskingsmiljø
  • Løn som avdelingsingeniør, kode 1085 frå lønnssteg 43-52, lønnsramme 22, etter tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For tida utgjer dette frå kr 392.100 til kr 451.300. For særskilt kvalifiserte søkjarar, kan det vurderast høgare løn
  • Medlem i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknad på engelsk skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passat til stillinga
  • Oversikt over utdanning og arbeidserfaring
  • Attesterte kopier av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Send søknad elektronisk via JobbNorge «Søk stillingen». Vi gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søknader på e-post vil ikkje verte vurderte.

Søknadsfrist: 21.februar 2018

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til gruppeleiar Pawel Burkhardt, tlf.: +47 55 58 43 57, email: Pawel.Burkhardt@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    21. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    147556
  • Intern-ID
    2018/1300 - Burkhardt
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger