Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen

Service scientist (forskar) ved Computational Biology Unit

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei fast stilling som forskar.

Computational Biology Unit (CBU)
CBU er eit leiande senter for bioinformatisk forsking som driv både grunnforsking og anvendt forsking. CBU tilbyr støtte og bistand til brukarar innanfor livsvitskapane og koordinerer utdanning innan bioinformatikk for kommande generasjonar av berekningsbaserte biologar (computational biologists).


ELIXIR Norway

ELIXIR er ein europeisk forskingsinfrastruktur for bioinformatikk som har 21 medlemsland. I tillegg er EMBL medlem. Den norske noden – ELIXIR Norway – vert leia av Universitetet i Bergen og er finansiert av Forskingsrådet, og dessutan dei fem institusjonane knytte til noden (Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Norges teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), Universitetet i Tromsø og Norges miljø- og bioteknologiske universitet (NMBU)). ELIXIR leverer tenester innan bioinformatikk til brukarar over heile verda. Den norske noden står for ein del av desse tenestene og tilbyr i tillegg eit breiare spektar av tenester til norske brukarar (Norwegian Bioinformatics Platform).

 

Stillinga som «service scientist” som vil bli del av ELIXIR Norway sin «help desk» og del av CBU tenestgruppa (CBU Service group). Stillinga er retta inn mot analyse av data frå høgkapasitets teknologiar, slik som NGS sekvensering og proteomikk, i tillegg til meir generelle bioinformatiske analyseprosjekt.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Bistå forskingsgrupper med eksperimentell design og planlegging av forsøk som nyttar høgkapasitets teknologiar og dessutan utføre analyse av resulterande datasett enten på vegne av eller i tett samarbeid med sluttbrukarane.

  • Rettleie og lære opp brukarar til å velje riktige bioinformatiske verktøy og databasar for å løyse behov innan data-analyse.

  • Arbeide med samarbeidande infrastrukturar (innan NGS sekvensering, proteomikk, biobankar, med meir) for å tilby samordna tenester til slutt-brukarane.

  • Delta i testing av den nasjonale infrastrukturen utvikla i ELIXIR Norway og delta i å utforme vidare utvikling av denne.

  • Lære opp og hjelpe slutt-brukarar med bioinformatiske analyseoppgåver og bruk av tilgjengelege e-infrastrukturar for data-handtering og analyse livsvitskaplege data.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha oppnådd ph.d grad innan eit relevant felt, slik som bioinformatikk, molekylærbiologi eller informatikk, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

  • Omfattande kunnskap og praktisk erfaring innan bioinformatikk er naudsynt.

  • God kunnskap innan molekylærbiologi

  • Dokumentert evne til å samarbeide med molekylærbiologar er eit krav.

  • Erfaring med scripting og programmering i relevante programmeringsspråk for analyse av omics data er eit krav.

  • Omfattande praktisk erfaring med fleire former for NGS data-analyse, som inkluderer både DNA- og RNA-retta prosjekt, er eit krav.

  • Erfaring med assembly og annotering av nye genom og transkriptomar er sterkt ønskeleg.

  • Erfaring med analyse av proteomikk-data er sterkt ønskeleg.

  • Forskingserfaring innan bioinformatikk dokumentert med publiserte vitskaplege arbeid er eit krav.

  • Erfaring med tolking av genomskala data saman med data tilgjengeleg i vitskaplege databasar og dessutan integrasjon av fleire datasett for ei heilheitleg tolking er ein føremon.

  • Dokumentert utdanning innan statistikk og maskinlæring og/eller dokumentert bruk av desse i tidlegare forsking er ein føremon.

Vi kan tilby:

  • utfordrande arbeidsoppgåver i eit kompetansemiljø med gode vilkår for personleg utvikling

  • triveleg og internasjonalt samansett medarbeidargruppe med god fagleg tyngde

  • løn etter lønssteg 57 (for tida NOK 490 900) i statens regulativ (kode 1109) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar 

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til minst to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål, alternativt ei stadfesting på at doktorgrads-avhandlinga er levert

  • relevante attestar

  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.


Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Inge Jonassen

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønns-samansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og likeeins personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.

 

Opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om det. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    25. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    147545
  • Intern-ID
    17/15918
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger