Helse- og omsorgsdepartementet

E-helse

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og for primærhelse- og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka. Departementet har 210 tilsette.     

 

Les meir om oss på regjeringen.no.

Avdelingsdirektør i E-helseavdelinga

Vi søkjer ein utviklingsorientert avdelingsdirektør til e-helseavdelinga vår

E-helseavdelinga har ansvaret for planlegging og gjennomføring av digitalisering i sektoren. Sentrale oppgåver er etablering av gode digitale tenester til helsepersonell og innbyggjarar, og informasjonstryggleik. Avdelinga er òg etatsstyrar av Direktoratet for e-helse. Oppgåvene i avdelinga femner breitt. Det er difor oppretta ein ny seksjon for e-helsetenester. Avdelingsdirektøren skal leie den nyoppretta seksjonen for e-helsetenester. Stillinga gjev særs godt høve til personleg og fagleg utvikling på eit spanande fagområde som er under utvikling.

 

Seksjon for e-helsetenester har mellom anna ansvar for digitale tenester til helsepersonell og innbyggjarar, velferdsteknologi, helseregister og standardisering. Viktige utfordringar er å utvikle tenester med god kvalitet som er tilgjengelege for pasientar og helsepersonell. Avdelingsdirektøren me søkjer må ha interesse for digitalisering og forvaltningsutvikling. Avdelingsdirektøren rapporterer til ekspedisjonssjefen i avdelinga og er med i leiargruppa i avdelinga.

 

Kvalifikasjonar

  • Du må ha høgare utdanning, relevant arbeidsrøynsle og god rolleforståing
  • Røynsle frå digitaliseringsprosjekt i helse- og omsorgssektoren eller andre delar av offentleg sektor vert tillagt vekt
  • Du må ha kjennskap til offentlege avgjersleprosessar og verkemiddelbruk
  • Du bør òg ha innsikt i- og forståing for politiske prosessar
  • Vi krev god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Vi arbeider ofte med korte fristar og mange saker samstundes. God arbeidskapasitet er difor naudsynt
  • Det vert stilt høge krav til utvikling av ansvarsområda, prosesshandsaming og å ta avgjersler og utøve skjøn
  • Du må kunne tryggingsklarerast

 

Personlege eigenskapar

  • Du er ein strukturert person
  • Du tek initiativ, har god gjennomføringsevne og kommuniserer klårt og forståeleg
  • Du er ein raus og omgjengeleg person som evnar å motivere kompetente medarbeidarar til å levere produkt av høg kvalitet til avtala tid
  • Du er oppteken av utviklinga til medarbeidarane dine

 

Det vert lagt vekt på at du høver som person

 

Vi tilbyd

  • Lønsspenn 830 000 – 1 030 300 kr. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Utfordrande arbeidsoppgåver og gode utviklingshøve
  • Eit fagleg dugande og spanande arbeidsmiljø med engasjerte og trivelege kollegaer
  • Vi har 5 veker ferie, fleksitidordning og gode velferdsordningar

 

Vi bed om at du i søknaden gjer greie for resultat i tidlegare arbeidstilhøve og motivasjonen din for å søkje denne stillinga.

 

Etter at søknadsfristen er ute, vert det laga ei offentleg og ei utvida søkjarliste. Søkjarar som har bede om konfidensiell handsaming, kan likevel førast opp på søkjarlista. I so fall vert søkjarane varsla før offentleggjering.

 

Nærare informasjon får du hos ekspedisjonssjef Lars Bjørgan Schrøder, tlf. 91708378. 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    25. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Helse- og omsorgsdepartementet
  • Nettside
  • Kommune
    Oslo
  • Jobbnorge-ID
    147523
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger