Universitetet i Bergen

Det psykologiske fakultet

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen

Postdoktor (3 år) ved Institutt for samfunnspsykologi

Ved Institutt for samfunnspsykologi er det ledig ei stilling som postdoktor frå 15. mai 2018, eller så snart tilsettingsprosessen er ferdig. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, knytt til det NFR-finansierte prosjektet «Clinical Encounters with refugees suffering from mental health problems».

 

Det psykologiske fakultet tilbyr profesjonsutdanning for psykologar, har ansvar for universitetspedagogisk utdanning av UiB sin eigen stab, bidreg med pedagogikkdelen av lærarutdanninga, og tilbyr grader innan eit vidt felt: barnevern, helsefremjande arbeid, pedagogikk, spesialpedagogikk, psykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi og logopedi. Fakultetet sine hovudsatsingsområde innan forsking er knytt til helse, utdanning, utviklingsrelatert forsking og basalforsking i vid forstand.

 

Den faglege verksemda ved Institutt for samfunnspsykologi (ISP) er omfattande og held internasjonalt nivå. Ved ISP har vi forsking og undervising innan ei rekkje grunndisiplinar som kognitiv psykologi, sosialpsykologi, utviklingspsykologi, personlegdomspsykologi og innan anvende felt som skule- og opplæringspsykologi, arbeids -og organisasjonspsykologi og samfunnspsykologi. ISP har seks forskingsgrupper og fleire tilsette inngår i forskingsgrupper ved andre institutt.

 

Den som vert tilsett vil bli ein del av Forskingsgruppa for kulturelt mangfald i samfunn og arbeidsliv. Gruppa er tverrfaglig og arbeider med prosjekt knytt til migrasjon og etniske forskjellar, bl.a.  forhold mellom majoritet og minoriteter, leiing i organisasjonar og helseåtferd. Eit sentralt utgangspunkt for forskingsgruppas arbeid er å bidra med forskingsbasert kunnskap som er relevant og viktig for løysing av samfunnsoppgåver knytt til integrering og utvikling av offentlige tenester tilpassa ulike deler av befolkninga.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil vere del av eit større forskingsprosjekt «Clinical Encounters with refugees suffering from mental health problems». Ei målsetning i det overordna prosjektet er å skape betre forståing for korleis psykiske helsetenester kan tilpassast flyktningars behov, med fokus på flyktningar frå Syria, Afghanistan og Somalia. Prosjektet skal undersøke korleis desse flyktningane forstår og føretrekk å meistre psykiske helsevanskar, og deira erfaringar med offentlige helsetenester. Prosjektet skal vidare undersøkje korleis psykiske helsevanskar presentert av flyktningar vert oppfatta, diagnostisert og handsama av fastlegar. Data skal samlast inn gjennom fleire metodar, blant anna  spørjeskjema og fokusgruppeintervju med flyktningar og fastlegar. Både filmopptak og intervjusituasjonar med legar og analyse av dette krev gode norskkunnskapar.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjarar må ved søknadstidspunktet ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor psykologi eller andre relevante helsefag
  • erfaring frå klinisk arbeid er ein fordel
  • erfaring med flyktningar eller etniske minoriteter er ein fordel
  • arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • ha gode ferdigheter i norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
  • god kjennskap til norsk samfunnsliv og organisering av norsk helsevesen

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Søkjarar skal i samarbeid med prosjektleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, og den skal også innehalde ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer ei årsløn på kr 486 100 – 490 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga og relevant bakgrunn
  • Namn og kontaktopplysningar til minst to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Du søkjer elektronisk i JobbNorge til Universitetet i Bergen via knappen på denne sida: «Søk stillinga». Søknad, CV og vedlegg skal kun sendast elektronisk i JobbNorge.

 

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

 

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

 

Søknadsfrist: 20.02.2018

Søknaden skal merkast: 18/654

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

 

Professor Gro Mjeldheim Sandal, Institutt for samfunnspsykologi, Universitetet i Bergen, telefon 55 58 86 85, Gro.Sandal@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    20. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Institutt for samfunnspsykologi
  • Jobbnorge-ID
    147492
  • Intern-ID
    18/654
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger