Universitetet i Bergen

Institutt for klinisk odontologi

Bli med å skape fremragende forskning

Instruktørtannlege (faste stillingar i ulike stillingsbrøkar)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig faste stillingar som instruktørtannlege i ulike stillingsbrøkar:

 

Dei som vert tilsette må rekne med å  gjere teneste ved ulike fagseksjonar/einingar etter instituttets behov. Instituttet har følgjande seksjonar/einingar:  Endodonti, Førebyggjande tannpleie, gerodontologi og samfunnsodontologi, Kariologi, Kjeve- og ansiktsradiologi, Kjeveortopedi, Oral kirurgi og oral medisin, Oral protetikk, Pedodonti, Periodonti, Hovudresepsjon og Pasientinnskriving

 

Arbeidsoppgåver

Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av kandidatar og studentar, bistå i behandlinga av institusjonen sine pasientar, og rettleiing og vurdering av kandidatane og studentane både praktisk og teoretisk. I tillegg vil det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere høve til å delta i faglege fora.

 

Krav til kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • norsk autorisasjon som tannlege på tilsetjingsdato
  • undervisningserfaring er eit ønskje
  • stilling utanom Institutt for klinisk odontologi for å oppretthalde sine kliniske ferdigheitar
  • to års erfaring frå allmenn praksis som tannlege er eit ønskje

Den som vert tilsett må ha god kunnskap i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.

 

For stillingane gjeld Særavtale om arbeidsvilkår m.v. for instruktørtannlegar ved universiteta i Oslo og Bergen. http://regler.app.uib.no/regler/Del-3-Personal-og-HMS/3.1-Personalforvaltning/3.1.3-Regler-og-retningslinjer-for-vitenskapelige-stillinger/Retningslinjer-for-stilling-som-instruktoertannlege-ved-UiB-og-UiO

 

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til klinikkleiar Neshe Lie, tlf.: 55 58 66 30 eller e-post: Neshe.Lie@uib.no  

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som instruktørtannlege (kode 1015) er lønt i lønssteg 58-66 etter kvalifikasjonar (for tida 499 600 – 579 300 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling), alternativt kode 1353 for søkjarar som har spesial-/spesialistkompetanse.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgjevar ved å gå inn på nettsida: http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga.  Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing.  Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjar varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga. 

 

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

 

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • kva stillingsbrøk du ønskjer
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    25. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    147485
  • Intern-ID
    18/1305
  • Omfang
    Deltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger