Universitetet i Bergen

Institutt for biomedisin

Bli med å skape fremragende forskning

Førstekonsulent (økonomikonsulent) ved Institutt for biomedisin

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei 100 % fast stilling som førstekonsulent (økonomikonsulent).

 

Stillinga er en del av administrasjonen ved instituttet og rapporterer til administrasjonssjef.

Institutt for biomedisin er eit av fem institutt ved Det medisinske fakultet. Instituttet har om lag 170 tilsette og eit budsjett på om lag 130 millionar kroner. Instituttet har til ei kvar tid om lag 80 kandidatar i forskarutdanninga. Dei tilsette er organisert i 10 forskingsgrupper, tre teknologiplattformar (MIC, PROBE og BISS), teknisk fellesavdeling, undervisningsavdeling og administrasjon.

 

Instituttet er lokalisert i Bygg for biologiske basalfag, som er eit moderne bygg med gode forskingsfasilitetar. Instituttet har sterke forskingsgrupper og bidrar med undervisning til medisinstudiet, odontologistudiet, farmasistudiet, ernæringsstudiet og masterstudiet i medisinsk biologi. Arbeidsstad er Bygg for Biologiske Basalfag, Jonas Lies vei 91, Bergen.

 

Arbeidsoppgåver

  • bistand og koordinering i praktisk og administrativ handsaming av instituttets og prosjektas aktiviteter. (bestillingar, fakturabehandling mm.)

  • administrativ tilrettelegging og oppfølging av arrangement

  • økonomistøtte mot kjernefasilitetane.

Alle i administrasjonen vil, i tillegg til dei spesifikke funksjoner lagt til stillinga, og måtte ta del i andre administrative oppgåver ved behov. Det kan verte aktuelt med nokre justeringar av arbeidsoppgåver og arbeidsfordeling.

 

Kvalifikasjonar

  • relevant økonomiutdanning frå universitet eller høgskule på bachelornivå er eit krav

  • god kjennskap til det administrative arbeidsfeltet og erfaring frå universitets- eller høgskulesystemet og offentleg forvaltning er ein føresetnad

  • relevant erfaring frå tilsvarande verksamd er ønskjeleg

  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

  • beherskar bruk av relevant dataverktøy

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som er sjølvstendig, positiv og tek initiativ. Det forventas at du både initierer og bidrar til utvikling av gode prosessar og samarbeid. Administrasjonen på instituttet har utfordringa knytt til å utvikle og støtte fagmiljøa og forskarane på ulike områder. Som økonomikonsulent vert du ein ressursperson for oppfølging av instituttets økonomiske driftsoppgåver og den generelle aktiviteten på instituttet.

 

I vurderinga av søkjarane vert det lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som trengst i stillinga.

  

Vi kan tilby

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • Stilling som førstekonsulent (kode 1408) i lønssteg 47-53 (for tida kr 416 600 - 459 100). For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

 

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida: http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å vende seg til administrasjonssjef Janne Gotaas, tlf.: 55 58 63 22/980 38 834 eller e-post: Janne.Gotaas@uib.no.

 

Om rekruttering i statlege stillingar:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.


Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må retta seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.


Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga

  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)

  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar

  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.


Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.


Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknadsfrist: 25.02.2018

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    25. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    147482
  • Intern-ID
    18/1457 (IVØI)
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger