Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Bli med å skape fremragende forskning

Postdoktor i eksperimentell partikkelfysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som postdoktor i eksperimentell partikkelfysikk knytt til prosjektet "Norwegian High Energy Particle Physics Research with the ATLAS detector at the Large Hadron Collider - Run2 at 13 TeV".  Stillinga er for ein periode på 3 år.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Partikkelfysikkgruppa i Bergen deltek i studiar av Higgsbosonet, studiar av B-mesoner og søk etter Supersymmetri. Gruppa er også med i ATLAS sitt oppgraderingsprogram gjennom medverknad i ITk-prosjektet. Forsking gjerast innan utvikling av strålingsharde pixelsensorar for ITk, og gruppa vil delta i konstruksjon og leveranse av modular bestående av pixelsensorar og utlesningselektronikk til ITk.

Det er venta at den som får stillinga bidrar sterkt til aktivitetar innan Higgsfysikk og til studiar innan B-fysikk. I tillegg til egne analysar på relevante områder som beskrive over, er det venta at kandidaten bidreg med hjelp og rettleiing til studentar på MSc og PhD-nivå. Vedkomande bør også delta i utprøving av sensorar og i programmet for oppgradering av laboratoriar med sikte på kunne gjennomføre kvalitetssikringstestar av ITk-modular og andre komponentar.  

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor partikkelfysikk, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Kandidaten må ha gode kunnskaper innen programmering, erfaring med dataanalyse og håndtering av store datamengder. Erfaring med ATLAS analyse og programvare er en klar fordel. Det vil også være fordelaktig dersom kandidaten har erfaring med elektronikk og teknikker for deteksjon av ioniserende stråling, spesielt ved bruk av silisiumsensorer.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar.

 

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 486 100 - kr 490 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

  • medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar 

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

professor Gerald Eigen eller professor Bjarne Stugu, Institutt for fysikk og teknologi.


Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    18. mars 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    147315
  • Intern-ID
    2017/13703
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger